Berre éin nynorskklasse i Stavanger

Våland skole har den einaste nynorskklassen i Stavanger.

Publisert: Publisert:

Det har ikkje blitt oppretta nynorskklasse i Stavanger dei siste fem åra. Rektor Eli Ryssdal ved Våland skole trur ikkje det vert oppretta ein ny nynorskklasse på Våland til hausten heller. Foto: Tommy Ellingsen

  • Charlotte Steine
iconDenne artikkelen er over åtte år gammel

— Eg synest nynorskklassar er verdifulle. Det er synd at dei fell bort og eg skulle gjerne sett at fleire born fekk opplæring i nynorsk, seier rektor Eli Ryssdal ved Våland skole.

I Stavanger kommune er det 41 skular, av dei er 26 barneskular, 10 er ungdomsskular og fem er 1-10 skular. Av dei 14.500 elevane som går på grunnskule i kommunen har 14 elevar undervisinga på nynorsk. Klasse 5c på Våland skole er den einaste nynorskklassen. Det betyr at det ikkje er oppretta éin einaste nynorskklasse i Stavanger kommune dei siste fem åra.

Fagsjef for skule Eli Gundersen i Stavanger kommune meiner bokmål er eit byfenomen.

— Sjølv om Stavangerdialektane ligg tettare nynorsk enn bokmål er det nok eit byfenomen at færre vel nynorskklassar til borna. Me er veldig positive til foreldre og skular som ynskjer å ha born i nynorskklassar, seier Gundersen.

- Nynorskelevar skriv enklare

Ifølgje Ryssdal legg lærarane ved Våland skole vekt på å dra nynorsk inn i faga i dei andre klassane på skulen.

— Det er viktig at elevane møter nynorsk. Når elevane kjem på ungdomstrinnet er det viktig at dei har lest og leika med nynorsk på førehand, slik at elevane ikkje oppfattar nynorsk som eit framandspråk. Vår dialekt er nærare nynorsk, og sånn er det for mange born òg, seier Ryssdal.

Ryssdal har tidlegare arbeidd som lærar, og har sett at nynorskelevar får eit rikare språk.

— Som lærar har eg sett at elevar på sikt får eit rikare språk. Når elevar går over frå nynorsk til bokmål på ungdomsskulen skriv dei ofte litt enklare og mindre snirklete. Sånn sett er det synd at ikkje fleire lærer nynorsk, for dei får mykje med seg gratis.

Ikkje fleire klassar til hausten

Så langt ser det ikkje ut til at det vert oppretta nynorskklassar til hausten heller.

— Eg tvilar på at det vert oppretta klassar i nynorsk, men det er skulane sjølve som har ansvar for det. Dersom det er ti elevar som ynskjer nynorsk er skulen pålagt å oppretta ein klasse for fyrsteklassingar i nynorsk. Er det færre kan foreldra søkja borna inn på andre skular, men det vil dei som oftast ikkje i fyrsteklasse, seier Gundersen.

— Me veit ikkje heilt klart om det vert nynorskklasse i år enno, men det ser ikkje slik ut. Det var berre to-tre elevar som ynskte det ved innmelding. For at det skal verta nynorskklasse må foreldra mobilisera og få med fleire, seier Ryssdal.

Fleire nynorskelevar i Sandnes

Det er 29 grunnskular i Sandnes fordelt på 21 barneskular, sju ungdomsskular og ein 1-10 skule. I Sandnes har 22 klassar nynorsk dette skuleåret, og dei er fordelt på fire av skulane.

10 av nynorskklassane er på Høle barne- og ungdomsskule, der alle elevane har nynorsk som hovudmål. Ved Sviland skule har òg alle elevane i dei sju klassane nynorsk. Malmheim skule har nynorsk som hovudmål, og fire klassar på skulen har nynorsk. På Ganddal skole er det éin sjuandeklasse som har nynorsk.

— Dei seinare åra har det ikkje blitt oppretta nynorskklassar ved dei Sandnes-skulane som har bokmål som hovudmål. Det er lite sannsynleg at det vil bli starta nynorskgruppe ved desse skulane basert på dei siste års erfaringar, seier skulefagleg rådgjevar Harald Nedrelid i Sandnes kommune.

Ifølgje Nedrelid har føresette til 15 elevar oppgjeve at dei ynskjer nynorsk til sine born i det komande skuleåret. Dei 15 elevane fordeler seg på åtte ulike grunnskular.

— For at det skal opprettast ei nynorskgruppe på ein av bokmålsskulane i kommunen må minimum 10 av desse elevane sine føresette verta einige om éin barneskule der dei ynskjer å oppretta ei nynorskgruppe, seier Nedrelid.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Elever i Stavanger og Sola har fått påvist covid-19

  2. Vil skape et robot-eventyr på Tau

  3. Kristoffs trener om den gule triumfen: – Helt ubeskrivelig

  4. Busstreik utvides til Rogaland fra lørdag – alle sjåførene tas ut i streik

  5. Ingebrigtsen gjør narr av Warholm-utspill

  6. Frp nekter å la Knut Arild Hareide kutte en eneste krone

  1. Stavanger