Vil ikkje bruka ekstra pengar på mat og trim i skulen

VAL 2017: Høgre, Frp, Venstre og KrF vil ikkje at staten skal betala skulemat. Meir fysisk aktivitet vil dei fire partia få inn ved at skulane tek det i bruk som metodikk i andre fag.

Publisert: Publisert:

På Varhaug skule i Hå kommune får elevane servert eit brødmåltid kvar dag, eit spleiselag mellom skule og foreldre. Foto: Fjeldstad, Knut

  • Margunn Ueland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Sveinung Stensland, Høgre. Foto: Høyre

Høgre

Sveinung Stensland, nummer 3 på Rogaland Høgre si liste, sit nå i helse- og omsorgskomiteen:

– Me motset oss ikkje skulemat, men meiner det må vera opp til kvar kommune og skule. Denne regjeringa har styrka kommuneøkonomien, slik at kommunane kan innføra dette om dei vil. Me vil at staten skal bruka dei store pengane til andre ting. Foreldra kan kjøpa frukt og brød i butikken, men dei kan ikkje kjøpa ein god lærar.

I partiprogrammet står det at Høgre vil ha meir fysisk aktivitet i skulen, mellom anna ved å læra av og spreia gode erfaringar frå skular som har prøvd ut dette.

– Utover det vil me ikkje styra koss skulane skal gjera dette. Det må vera opp til kvar kommune og kvar skule, seier Stensland.

Iselin Nybø, Venstre. Foto: Jarle Aasland

Venstre

Iselin Nybø, 1. kandidat og nestleiar Utdanningskomiteen:

-Me vil heller bruka pengane på lærarar, fleire helsesøstre og datautstyr enn på skulemåltid. Men dei kommunane/skulane som vil innføra det, må gjerne gjera det. Venstre meiner det er viktigare å innføra ein ekstra time i veka på alle trinn med IKT-programmering.

Meir fysisk aktivitet er viktig og bra. Men det er fullt mogeleg for skulane å gjera det utan å auka talet på timar, - ved å ta det i bruk som eit pedagogisk verkemiddel - hoppa tau i mattetimane osv. Me vil ikkje gå inn å styra pedagogikken, dette må skulane sjølve finna ut av. SFO-tida kan også brukast på ein måte som gjer at ungane er meir aktive.

Atle Simonsen, Frp Foto: Jan Inge Haga

Frp

Atle Simonsen, nummer 4 på Frp si liste i Rogaland:

– Skulemat: Det må kommunane avgjera sjøl. Me er positive til dei som får det til, fordi det er klart at næring og læring høyrer saman. Eit godt eksempel på at dette kan løysast på ein god måte lokalt, er Varhaug skule. Ni av ti elevar har med matpakke. Men det aller viktigaste me kan sørgja for, er at ungene får tid å eta. Helsedirektoratet tilrår 20 minuttars matpause, men bare halvparten av skulane klarer det i dag. Derfor har kunnskapsministeren gitt klar melding om skulane har med å sørgja for at det blir sett av 20 minutt.

Frp vil ha meir fysisk aktivitet i skulen, men det skal skje utan å utvida timetalet for det vil kosta mange milliardar kroner. Det er viktigare å bruka pengar på fleire lærarar på 1.-4. trinn, for meir fysisk aktivitet kan skulane få inn med å ta det i bruk som ein metode i alle fag. For å stimulera til dette, har regjeringa gjennomført ein pilot med utprøving av ulike modellar for meir fysisk aktivitet i ungdomsskolen, –30 skular 1700 elevar på 9. trinn vore med på det. Erfaringar frå det skal spreiast til andre.

Olaug Bollestad, KrF. Foto: Fredrik Refvem

KrF

Olaug Bollestad, listetopp for KrF i Rogaland:

-Det er mange gode grunnar til at elevane bør få eit sunt og godt måltid på skulen. Men det vil innebera eit enormt økonomisk løft, som KrF ikkje vil prioritera den neste fireårsperioden. Vår fyrste prioritet er å sikra nok lærarar i skulen slik at alle elevar kan bli sett og få den hjelpa dei treng.

Les også

KrF sa nei til skolemat

KrF har programfesta at me vil leggja til rette for ein time fysisk aktivitet i skulen kvar dag. Me vil ikkje utvida timetalet. Dette er det mogeleg å få til ved å bruka aktivitet i mange ulike fag.

KVA MEINER SP; AP OG SV OM MAT OG TRIM I SKULEN? LES HER:

Publisert:

Les også

  1. Mat må dei ha!

  1. Stortingsvalg 2017
  2. Skole
  3. Helse
  4. Høyre (H)
  5. Venstre (V)