Snåsamannen kjem til Stavanger-kyrkje

Joralf Gjerstad, kjent som Snåsamannen, kjem til St. Petri for å samtale om livet, døden, håp og heling.

Joralf Gjerstad kjem til St. Petri kirke i Stavanger i oktober.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

Dialogprest Silje Trym Mathiassen ved Kirkelig dialogsenter tok initiativ til dette.

– Eg hadde høyrt at han held slike samlingar i kyrkjer lokalt, men at han kjem hit er spesielt.

Joralf Gjerstad kjem til St. Petri 14. oktober for å delta i samtale om liv, død, håp og helande kraft. Han har også med songar Therese Ulvan, og Øyvind Løvrød vil leie samtalen.

Heling

Initiativtakar Silje Trym Mathiassen held gudstenester i Domkyrkja med det som vert kallar bønn om heling, der dei som ønsker får bønn og handpålegging. Helingsgudstenesta nyttar ein kristen liturgi der stillheit og det meditative står sentralt.

– Vi trur på ei kraft til heling som er gitt frå Gud, det same synet som Gjerstad har uttrykt. Vi lover aldri å helbrede, men vi får tilbakemelding om at mange opplever ei indre ro, seier ho.

Dialogprest Silje Trym Mathiassen.

Forskjellege miljø

Mathiassen trur Snåsamannen vil trekke til seg kristne frå forskjellege kyrkjelydar, men også folk innan alternativrørsla.

– Eg trur nokre få vil vere skeptiske, men at dei fleste har eit godt inntrykk av det han driv med. Det blei avgjort einstemmig og til full jubel på stadsmøte. Fungerande biskop er informert, seier ho.

Snåsamannen er populær blant store delar av befolkninga, men hans verksemd har også vakt diskusjon, mellom anna uttrykt i kommentarar i Aftenposten. Asbjørn Dyrendal, professor i religionsvitenskap ved NTNU, har tidlegare uttalt seg kritisk til Dagbladet. Han meiner helinga enkelt kan forklarast utan å trekke paranormale evner inn i biletet.

Publisert:
  1. Silje Trym Mathiassen
  2. Joralf «Snåsamannen» Gjerstad

Mest lest akkurat nå

  1. Ingenting rocket på Sandnes’ nye festplass

  2. Hele livet lurte Tor på hva som skjedde da faren styrtet i døden med jager­fly. Så opprettet kona en hemmelig kon­takt

  3. Veton Berisha etter hat tricket: – Serie­gull med Viking ville vært det største

  4. Gikk fra Sandnes til Kristiansand av én spesiell grunn: – Det har vært litt av en tur

  5. Mia Gundersen og Espen Hana er aller best når de får skuldrene ned, puppene opp og herjer med seg selv

  6. Politiet ønsker tips om hen­delser før døds­ulykken i Sandnes