中国人来了! Kinesarane kjem!

I dei første fem månadane i 2007 overnatta 118 kinesiske turistar på hotell i Rogaland. Så langt i år er talet 1098.

Xia Ning (bakarst) er lykkeleg for å endeleg ha nådd Preikestolplatået. Han er på ferie i Noreg saman med dottera Xia Yiyan (fremst) og venene Wei Chenyang (med caps, til venstre), Huang Dehua (i midten) og Huang Yanjia (i midten, til høgre).
  • Ragnhild Sofie Selstø
  • Tommy Ellingsen
    Fotograf
Publisert: Publisert:

– Sommaren har starta veldig godt i år for hotella i Stavanger, så dette lover knallbra, seier reiselivsdirektør Elisabeth Saupstad.

Region Stavanger har så vidt begynt jobben med å etablera seg på den kinesiske marknaden.

Sjølv om det fortsett er flest tyske turistar som kjem til Noreg, er Asia-marknaden den som vekst raskast. I fjor var det 99.000 fleire asiatiske overnattingsgjester enn året før.

Ryfylke Fjordhotel på Sand i Suldal merker aukinga av kinesiske turistar, og har eigen meny på mandarin.

I tillegg er kinesiske turistar på toppen når det gjeld døgnforbruk per person. Innovasjon Noregs turistundersøking frå 2016 visar at sjølv om tyskarane legg igjen mest pengar totalt, er det kinesarane som brukar mest per person med eit snitt på 3275 kroner per døgn. Det gjennomsnittlege døgnforbruket for utanlandske ferieturistar er 2240 kroner.

I Noreg er det så langt i år ei auking på 74 prosent, mens i Rogaland har det vore ein nedgang på 15 prosent.

Saupstad tvilar på at nedgangen er ei trend.

- Dei store turistattraksjonane i regionen er Preikestolen og Kjerag som er sesongbestemt. Dei fleste kinesiske turistane kjem etter påske og fram til oktober, seier Saupstad.

Ho fortel at Region Stavanger no jobbar med heilårsturisme, og ynskjer blant anna å fremme skiturisme blant kinesarane.

Skreddersydde turar

Den kinesiske guiden Lü Ye syntest måten kinesiske turistar reiser på er vemmeleg. Derfor tilbyr han skreddarsydde turar for rike kinesarar kor han smetter inn ny lærdom om helse og miljøvern.

I det bilen blir parkert ved kinesisk-eide Verkshotellet på Jørpeland, hopper reisefølget på seks mann ut og tar bilete. Her hjelper Xia Yiyan pappa Xia Ning med å ta bilete av ein blome.

Lü Ye køyrer ein kvit Caravelle inn på Tau-ferga. Med seg har han to familiar frå Shanghai som skal til Preikestolen. Dei er slitne, men alle utan om Huang Yanjia på 10 år er likevel i godt humør. Kvelden før landa dei på Sola etter ein 13 timars flytur frå heimbyen, og Yanjia er fortsatt trøtt.

Yanjia, som på engelsk kallar seg sjølv for Frank, er på ein to-vekers ferietur saman med foreldra og ein venefamilie.

– Me pleier å reise til utlandet kvar sommar, men dette er første gong me er i Norge, fortel Franks pappa, Huang Dehua. Han jobbar i ein investeringsbank i Shanghai og er gift med Wei Chenyang, som er offentleg protokollførar. I likskap med millionar av andre kinesiske barn har ikkje Frank søsken. Men på turen har han Xia Yiyan å leike med.

Xia Yiyan er 12 år og brukar det engelske namnet Chloe. Hennar far, Xia Ning, gikk i klassen med Franks mamma då dei var yngre, og saman skal dei ha fire dagar i Stavanger før turen går vidare til Island.

Lü Ye frå Hangzhou reiser med kinesiske turistgrupper heile sommarsesongen.

– Halvparten på buss

Det er familiane sjølv som har skreddarsydd reisa, med hjelp frå Lü Ye. Lü kjem frå Hangzhou, men bur i Amsterdam saman med familien sin. Der er han deleiar det kinesiske selskapet Top Euro Reiser, kor han også jobbar som guide.

– Mange kinesarar som reiser til Europa kjøpar billige pakkereiser med stappfullt program, og ynskjer å oppleve mest mogleg på kort tid. Eifel-tårnet den eine dagen og Pisa-tårnet den andre. Halvparten av ferien blir jo brukt på buss! Det er rett og slett vemmeleg, seier Lü.

Top Euro Reiser vil tilby eit alternativ til kinesiske turistar. Men det er dyrt å reise til Norge, derfor er deira tilbod hovudsakleg retta mot den voksande og velståande, kinesiske middelklassen.

Chloe (framerst), Wei Chenyang og barndomskameraten og Chloes pappa Xia Ning på veg til Preikestolen.

– Me sett opp reiser kor kundane vel sjølve kor og korleis dei vil reise. I dag utsette me avreise til Preikestolen litt fordi dei ville sove litt lenger. Det ville ikkje vore mogleg med vanlege pakkereiser, seier Lü.

– Tanken bak er å få kundane til å roe ned tempoet og oppleve naturen. Kvardagen i Kina er prega av lange dagar på skule og jobb med høgt prestasjonspress, kor målet er å tene masse pengar. Kva er meininga med det? Livet er kort, og eg håpar fleire i Kina innser det, sukker Lü.

Sjølv om den kinesiske middelklassen har pengar, har dei ikkje nødvendigvis helsa på plass. Dette håpar Lü han kan gjere noko med.

– Eg håpar at dei kjenner på korleis det eigentlig står til med forma deira når dei går opp til Preikestolen. Kanskje dei får ein liten oppvekkjer og blir meir aktive når dei kjem heim til Kina igjen, seier han.

Pappa Xia Ning pustar tungt opp steinrøysene til Preikestolen. Chloe og Franks mamma Wei Chenyang går i forvegen.

Utfordrande opptur

Framme på parkeringsplassen ved Preikestolhytta pakkar Lüs reisefølgje sekkane. Lü tar med nokon til eit siste toalettbesøk før turen, mens Xia Ning røyker ein sigarett frå ein kinesisk produsent.

– Eg kjem til å gå ned fem kg berre på oppturen, seier han og klappar seg på ein mage som har begynt å vakse utover buksekanten. Xia Ning er sjef for tre farmasiselskap i Shanghai, og er gift med Xu Jing som jobbar i eit shipping-selskap. Xu blei ikkje med på turen til Preikestolen på grunn av ein skade.

Før fjellturen startar stopper Lü ved kartet som visar oppstiginga mot toppen. Han peiker på dei mest utfordrande delane av turen, og lovar ein pause ved to kilometersmerket.

Stiginga er bratt, og kondisen blir testa frå første steg. Allereie etter éin kilometer set gruppa seg ned for ein pust i bakken.

Endeleg på toppen! Chloe (framderst), Wei Chenyang med caps til venstre, Huang Dehua står bak Wei og Frank til høgre. Xia Ning står bakerst.

– Eg er flink til å gå nedover, ikkje oppover, seier Xia Ning og pustar tungt. Han nippar til lunka, svart te som han har tatt med seg frå Kina.

– Du har altfor mykje kler på deg, påpeik bankmannen Huang, og foreslår at han tar av seg jakka og legg den i sekken som Chloe bærer. Ho protesterer.

– Seriøst, pappa! Det er altfor tungt, eg er jo berre ei lita jente, nesten ropar ho. Jakka blir likevel stappa oppi sekken, og gruppa tar igjen beina fatt. Huang og sonen Frank tar fort leiinga og ligg framfor resten av gruppa.

– Heime pleier eg å jogge fem kilometer til dagen, forklarar Huang. Mens dei ventar på Xia Ning og familien på toppen av ei steinrøys, legg han seg like godt ned på fjellberget og tar eit par armhevingar.

Bankmannen Huang Dehua tar eit par armhevingar mens han og sonen Frank ventar på resten av reisefølget.

Lü berar på ein Rema-pose under heile turen, og sørgjer for at ingen i reisegruppa kaster søppel i naturen.

– Det er flott at så mange kundar har med barn, seier han. – Eg prøvar å lære dei om resirkulering og å ta vare på naturen, kunnskap dei forhåpentlegvis tar med seg vidare.

Sjølvstendig reisande

Etter to timar gåing når endeleg gruppa toppen. Lü tar fram polarbrød og banan og sett seg for seg sjølv. Det er hans pause frå jobben, med prima utsikt til å kvile auga på. Resten av gruppa stiller seg i kø bak fleire ti-talls med turistar som vil ta bilete på platåets venstre hjørne med Lysefjorden som bakgrunn.

Franks foreldre tar bilete av han på toppen av Preikestolen. Han er fortsett sliten etter ein 13-timers flytur frå Shanghai dagen før.

I køen står også Ma Yue og tar bilete med veninna Wang Hui. Dei er ein venegjeng på fire som er på ein to-vekers rundtur i Europa. Dei leita rundt på internett i forkant av turen for å finne ut kva som var verdt å få med seg i Norge, kor dei kom over Preikestolen.

- Då me leste om Preikestolen i Lonely Planet i tillegg, bestemte me oss for at me måtte reise innom Stavanger også, fortel Ma. Dei har allereie vore i Spania og Frankrike.

I følgje Elisabeth Saupstad, reiselivsdirektør i Region Stavanger, er det ein aukande trend blant kinesiske turistar å reise slik Ma Yue og venene gjer. På fagspråket heiter det ‘FIT’, som står for fully independent traveler.

– I staden for å reise med arrangerte gruppereiser eller bussgrupper, reiser FIT på eigen hand med venner eller familie på turar som dei bookar sjølv eller via byrå. Dei typiske bussgruppene er det mindre og mindre av, fortel Saupstad.

På Preikestolplatået sitt ein anna kinesisk familie og nyter utsikten. Shing Fan Kan frå Hong Kong har budd i Oslo dei siste åra med ektemannen og dottera, og i sommar har foreldra Zheng Xuezhen (80) og Jian Wenming (81) reist heile vegen frå Hong Kong på besøk. Dei brukte imponerande to timar opp til platået.

Shing Fan Kan med mamma Zheng Xuezhen (80) og pappa Jian Wenming (81).

Xia Ning meiner at kinesarar frå Hong Kong er i mykje betre form enn dei frå fastlands-Kina, og spesielt dei eldre.

– Dei har jo vakst opp under britisk styre og kanskje under betre levekår. I tillegg har dei ikkje like mye forureining som oss, forklarar han på vegen ned.

Pausane er færre på nedturen. I steinrøysa stoppar Chloe og ber faren massere dei såre leggmusklane hennar, og resten av gruppa nyttar moglegheita til å ta ein drikkepause. Huang tar seg ein røyk, mens Wei deler ut knusktørre svisker med sur smak, også medbragd frå Kina.

Dei med pengar reiser til Norge

Fredag er Lüs reisegruppe tilbake i Stavanger. Dei er utkvilte, og nyt ein lang lunsj på ein biffrestaurant i sentrum. Etter to rundar med mat, tar Lü gruppa med til ein Fjellräven butikk.

– Mamma, kan eg please få ein? seier Chloe og peiker på ryggsekkene som er utstilt i vindauget. Også i Kina er dei fargerike, firkanta sekkane populære, og fleire av klassekameratane til Chloe har allereie ein, fortel 12-åringen.

Chloe og mamma Xu Jing ser på ryggsekker i Fjällräven-butikken i Nygata i Stavanger sentrum. Ho bestemte seg til slutt for ein i lyserosa farge.

I mens prøver Huang ein jakke i militærgrøn. Kona Wei er ueinig i fargevalet, og syntest han heller skal kjøpe ein i svart. – Du kjøper alltid kler i grønt, sukker ho. Men Huang er fornøyd, og kjøper til slutt den grøne jakka.

Fjellrävens butikkmedarbeidar Eirik Havkrog, merker ein stor oppgang i talet med kinesiske turistar i år. Det er også dei som brukar mest pengar, og mykje av det går til ryggsekker og kler.

– Dei kjem ofte i grupper, og av og til kjøper alle saman heilt like t-skjorter, fortel Havkrog.

I tillegg til turtøy handlar mange kinesiske turister klokker og vesker. Luksusvarer i Kina er skattebelagt, og i Norge kan dei koste opp til 20 prosent mindre.

Xia Ning (framderst) og turguiden Lü Ye ser på turklær i Stavanger sentrum.

Spesialrådgivar på reiseliv i Innovasjon Norge, Per Holte, seier dei også handlar mykje små produkt.

– For eksempel er tran-piller ein bestselgar, fortel han.

Kvart år frå juni til august er Lü Ye på tur med kinesiske reisegrupper, og nesten alle reiser innom Preikestolen. Sjølv om forholdet mellom Norge og Kina er normalisert, er det fortsett dyrare for kinesarar å søke turistvisum til Norge enn til andre land. Berre dei rikaste kinesarane får nyte godt av det Norge har å by på.

Les også

  1. «Hvis hver turist legger igjen 10 kroner, blir det fort penger av det»

Publisert:
  1. Preikestolen
  2. Region Stavanger
  3. Rogaland
  4. Stavanger
  5. Kina

Mest lest

  1. Dette kan Lyse gjøre for å dempe strømsjokket

  2. FHI tror tiltak har begrenset effekt mot omikronvarianten

  3. Som å bli truffet av markedsavdelingens ømme julegodstog

  4. Snøvær skapte problemer på Stavanger lufthavn, Sola: – Vi fikk ingen informasjon