Over 1000 på folkemøte om rus: - Vi er nok litt naive, her lærde me mykje vi ikkje visste om

Foreldre i Hå higer etter informasjon om unge i kommunen sin rusbruk. Over 1000 møtte til infomøte på Varhaug torsdag kveld.

Publisert: Publisert:

Marianne Warming, Gunn Årdal Helland og Monica Skretting, venninner og unge foreldre, møtte til infomøte om rus for å læra. Foto: Egil Ø. Nærland

  • Egil Ø Nærland
    Journalist
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

– Eg blir skremd når eg høyrer om mykje av det som skjer i ungdomsmiljø i kommunen, seier Marianne Warming og får samstemde nikk frå venninnene Gunn Årdal Helland og Monica Skretting.

– Me er nok litt naive, tenker dei tre.

Derfor har dei teke turen til Jæren Sparebank Arena, den vakre, nye idrettshallen til Varhaug Idrettslag. Dei vil læra og vera klar for sin eigne ungar.

– Våre er litt små ennå, men det går ikkje lenge før dei er i alderen der temaet rus og rusmiddel vert aktuelt, sier Monica Skretting.

Les også

Er foreldre i Hå strikse nok når ungane bruker alkohol?

Ho er dessutan aktiv leiar i idrettslaget på Varhaug og møter unge i den «farlege» aldersgruppa.

Håper informasjonen hjelper

– Eg trur informasjonen me får i kveld, vert viktig både som mor og vaksenperson som bryr seg, seier Monica.

Folkemøtet på Varhaug kom i stand som eit felles løft mellom Norsk Narkotikapolitiforening (NNPF) og Hå Høgre. Oddgeir Høyekvam fra NNPF og ordførarkandidat Mons Skrettingland åpna møtet.

– Dei som jobbar med dette har slått alarm

Skrettingland la ikkje skul på at utviklinga i Hå er negativ.

– Dei som jobbar med dette, har slått alarm, men dersom alle me som er her i kveld, tek ansvar og jobbar med førebygging, kan me snu dette, understreka Skrettingland.

Fullsett i Jæren Sparebank Arena på Varhaug då emnet var rusproblematikk i Hå. Foto: Egil Ø. Nærland

Seinare ga SLT-koordinatorane Johanne Erfjord og Anja Ulriksen Rygg samt politikontakt Lars Risa Taksdal eit utilslørt bilde av situasjonen i Hå.

Erfjord utfordra: - Er det slik at de foreldre tenker at «skitt, me var litt slik me og, men det gjekk jo godt.» Mange tenker at kua har vore kalv og alt det der, nå er det på tide at kua tek ansvar, rettleier og føl opp ungane.

Heimevern funker best

Ulriksen Rygg og Risa Taksdal ga ei rekke skremmande og heilt konkrete døme på kva dei opplever mellom ungane og ungdomane i Hå.

Risa Taksdal avrunda med å visa til Heimvernet og overførte det til foreldra:

– Heimevern funker best, heimevernet er overalt.

Seinare følgde sterkt kulturelt innslag frå pårørande Silje Sandanger, bånn ærleg presentasjonfrå NNPF, og ikkje minst frå ekteparet Mona og Arne Bratland som fortalde om korleis det var å mista sonen Håkon (21) etter ein overdose MDMA.

Venninene vart «øvejidde»

Etter seansen møtte me igjen venninnene Marianne Warming, Gunn Årdal Helland og Monica Skretting.

Fekk dei det dei kom for?

– Meir, dette var heilt utruleg. Eg ante ikkje koss dette såg ut, verken hasjplantene eller det ferdige stoffet eller noko av det andre. Skremmande, me er litt «øvejidde», understrekar Skretting.

– Opplysingane frå SLT-koordinatorane og politiet stadfesta rykta me har høyrt, at unge jenter i kommunen sel seg for å få pengar til dop, seier Warming trist.

– Du kan verta livredde av dette, mykje skjer i sosiale medium som er vanskelege å få oversikt over, lærde Årdal Helland.

– Me må i alle fall vera tidleg ute og ta samtalar med ungane våre, legg ho til.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Frigir navnet på 16-åringen som omkom i ulykke i forbindelse med skoleprosjekt

  2. Trener forgrep seg på spiller: Dømt til 15 måneders fengsel

  3. Milliongave til Arboretet - vil lage botanisk vitensenter og knytte seg til UiS

  4. Her rygger leddbussen ned på Diagonalen

  5. Ka då ittepå skilsmissen?

  6. Bjørshol mister serieåpningen – De Lanlay kjemper mot klokken

  1. Varhaug
  2. Mons Skrettingland