Gjenvalt til å leie SV mot vindkraft på land

Ingrid Fiskaa frå Time er gjenvalt som leiar av SV sitt fylkeslag i Rogaland. Partiet kjempar vidare mot fleire vindmøller på land.

Publisert: Publisert:

Ingrid Fiskaa held fram som leiar i Rogaland SV. Foto: Jon Ingemundsen

  • Ellen Kongsnes
  • Birgitte Flote
    Journalist

I helga hadde partiet fylkesårsmøte i Sauda.

Rogaland SV seier nei til meir vindkraft på land. Det betyr nei til nye konsesjonar, og at gitte konsesjonar blir trekt tilbake der bygging ikkje er sett i gang eller vilkåra i konsesjonen ikkje blir respektert.

I Rogaland vil dette gjelde for Vardafjell i Sandnes, Faurefjell i Bjerkreim, Tysvær, Dalbygda og Gismarvik i Tysvær og Gilja i Gjesdal.

– I Rogaland SV er vi veldig tydelege på at vi ikkje ønsker meir vindkraft på land. Vi meiner ein må finne fornybar energi på andre måtar. Nokre få stemte imot dette forslaget, men det store fleirtalet er samde i dette, seier leiar ingrid Fiskaa.

Vil ha heim flyktningar

Rogaland SV gjorde også desse vedtaka:

  • Dei vil at Norge evakuerer einslege mindreårige flyktningar frå Moria-leiren i Hellas.
  • Dei avviser kraftskatteutvalet (Sanderud-utvalet) sitt forslag om endring i kraftskatten, som vil påføre mange kommuner i Rogaland store inntektstap. Kraftskatten er ein sentral del av samfunnskontrakten mellom storsamfunnet og dei lokalsamfunna som avgir areal og naturverdiar til produksjon av vasskraft.

Audun Lysbakken heldt hovudinnleiinga på årsmøtet.

– Han snakka om korleis raud og grøn politikk må henge saman skal ein få til den store omlegginga som trengs for å kutte klimautsleppa. Sterke fellesskap og små skilnader er nødvendig for å få til ei slik omstilling. Omlegginga må skje på ein måte som samtidig bygger landet gjennom å satse på industri. Leverandørindustri og verftsindustri skal ha oppdrag også i framtida, og ha høgproduktive arbeidsplassar i Rogaland og resten av landet, seier Fiskaa.

Søndag innleia Atle Forfang Rostad frå Fellesforbundet og Industriaksjonen om industripolitikk.

Fiskaa framleis leiar

Ingrid Fiskaa frå Time er gjenvalt som leiar i Rogaland SV for to nye år. Resten av fylkesstyret består av nestleiar Jon Salthe (Stavanger), kasserar Gerardo Osorio Diaz (Sandnes), Jeanette Lea Romslo (Hå), Anette Opheim (Suldal), Lise Langåker (Haugesund) og Ronald Velasco (Sosialistisk Ungdom).

Fleire parti hadde fylkesårsmøte denne helga:

Publisert:

Vindkraft

  1. Motvind anker Vardafjell-kjennelsen

  2. – Hva er problemet med vindkraft?

  3. – Vi trenger endret konsesjonspraksis nå!

  4. Gjenvalt til å leie SV mot vindkraft på land

  5. – Naturvern er også klimakamp

  6. – Vind eller vann for norsk industri?

Les også

  1. Leder Høyre mot krafttak for mer havvind

  2. Gjenvalg av fylkesledelsen i Rogaland KrF

  1. Vindkraft
  2. Rogaland
  3. Audun Lysbakken
  4. Sosialistisk Venstreparti (SV)
  5. Suldal