• Signerer fjellet. Det er Bjørn Egil Nerheim som syter for at du kjem deg fram på ski i Suldalsheia. Heidi Hjorteland Wigestrand

Suldals viktigaste mann?

Løypekjørar Bjørn Egil Nerheim har snøen som lerret. Som husarbeid må han gjera jobben om att og om att. Få hadde merka om ordførar og rådmann var borte i to veker. Skulle løypekjøraren vera borte ein dag, blir det ramaskrik.