Politiet har våpenamnesti for tredje gong

Frå 1. mars til 31. mai kan ein levere inn ulovlege skytevåpen til politiet utan å risikere straff etter våpenlova.

Publisert: Publisert:

Foto: Junge, Heiko / SCANPIX

  • Jørund Vatle Sandgren
iconDenne artikkelen er over tre år gammel

Dette skriv politiet på sin nettstad. Politiet ber no folk ta kontakt med næraste politistasjon eller lensmannskontor for anten å levere inn ulovlege våpen, eller få dei over i lovlege former. Våpen kan òg leverast inn anonymt.

– Det er ikke våpna som er farlege, men dei vert farlege om dei hamnar i feil hender.

Leif Ole Topnes er driftsleiar for Felles Utlendings- og forvaltingseinheit, som blant anna driv passkontroll og skyttar skjenkeløyve. Dei bestemmer òg om våpenet du har hengande over peisen din er lovleg, eller om du er skikka til å behalde det.

– Det er med tanke på samfunnstryggleiken vi no har dette amnestiet. Noreg er tent med at alle våpna som er innanfor landets grenser er registrert. Difor er det viktig at samfunnet har oversikta og kontrollen med dei som er innehavarar av skytevåpen.

Om ein leverer inn våpen under amnestiet vil dette føregå anonymt. Foto: Falch, Knut / Arkivfoto

Amnesti for tredje gong

Tidlegare har det vore våpenamnesti i Noreg to gongar. Først i 2004, og no sist i 2008. Då var det et amnesti mellom 1. mai og 30. september. I følgje tal frå politiet kom det inn 230 ulovlege våpen i Rogaland i løpet av denne perioden.

– Det var flest hagler og rifler, men det kom og inn tolv maskinpistolar heilt i slutten av perioden. Dette er våpen som under alle omstende er ulovlege i Noreg.

Resten av tala kan ein sjå i faktaboks.

Les også

I nesten seks år har de vært tause. Nå forteller politifolkene for første gang om de avgjørende minuttene i den omstridte Utøya-aksjonen

Det vart levert inn 35 pistolar og 9 revolvarar under førre våpenamnesti i 2008. Foto: Kristian Jacobsen

Topnes fortel at av våpna som kom inn den gongen, har dei fleste kanskje vore lovlege ein gong i tida.

– Det er mest våpen som er funne på loft og i kjellarar, eller våpen som har gått i arv. Ein kan kome inn her og anten få dei etterregistrert på riktig eigar, eller å levere våpna inn for destruksjon. Ein kan og få våpna plombert.

Det er berre fritak frå våpenlova som gjeld under amnestiet. Om du leverer eit våpen som har vore brukt til kriminelle handlingar, risikerer ein fortsatt straff. Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

Les også

Ble truet med våpen da han ba naboen dempe musikken

Kan betre samfunnstryggleiken

– Det er store krav til vandel og skikkethet om ein skal vere innehavar av våpenet. Om ein ikkje er skikka til å oppbevare våpen, kan ein levere det inn for destruksjon, eller gjere det ubrukbart og registrere det hos oss.

Strafferamma for å ha ulovlege våpen er bøter inntil to års fengsel, eller inntil seks års fengsel i særs grove tilfelle.

– Men om ein leverer inn våpna mellom i morgon og 31. mai, slepp ein å verte straffa etter våpenlova. Ein risikerer heller ikkje tap av eit eventuelt våpenkort om ein leverer inn ulovlege våpen. Alle som leverer våpen under amnestiet forblir anonyme.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Fikk du med deg smellet i Gandsfjorden?

  2. Elg sett i Sandnes: - Den kan skape farlige situasjoner

  3. Sesongen avlyses for breddefotballen: - En trist dag

  4. «Er vi gjøker i Sandnes?»

  5. Enkelt, fargerikt og praktisk: – Vi falt pladask første gangen vi besøkte tomten

  6. Viking-spilleren tok selvkritikk. Så berømmet han én spiller

  1. Våpen
  2. Politiet
  3. Våpenlover
  4. Rogaland