Jentegjengen er vêrfast på Haukeli

Sju jenter frå Stavanger er vêrfast på Vågslid ved Haukeli. Stengte vegar hindrar bussane frå å køyre fjellovergangen.

Ungdommane frå Stavanger kjem seg ikkje heim med det første. Dagen som skulle brukast til reising går dermed med til kortspel. Foto: Privat

  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

E134 over Haukelifjell er søndag stengt, og Statens vegvesen opplyser at det heller ikkje vil opne i løpet av dagen.

For jentegjengen frå Stavanger betyr dette at dei ikkje kjem seg heim til skulestart mandag.

– Vi reiste opp hit torsdag for å stå på ski. Vi tenkte det ville gå fint å kome seg heim, bussane går jo som regel, seier Victoria Knutsen.

Jentene er 17 og 18 år og ettersom vinterferien er slutt, rekk dei ikkje skulestart mandag.

– Eg fryktar vi ikkje får gyldig fråvær, seier Knutsen.

Fredag skreiv Afteblandet at fleire meteorologar oppfordra folk til å reise heim frå fjellet laurdag, men på dette tidspunktet ville ikkje Vegtrafikksentralen uttale seg om fjellovergangane.

Bussen går truleg mandag

Laurdag forsøkte jentene å kome i kontakt med busselskapet Nor-Way for å få informasjon om avgangane. Dette utan å lukkast ettersom kundeservice er stengt i helgene. Knutsen er frustrert over manglande informasjon.

Klokka åtte i dag informerte busselskapet på si nettside at Haukeli vert stengt og at bussane difor ikkje går.

– Tidlig på morgonen la vi ut informasjon om at veien kanskje ville bli stengt.«Kanskje» vart raskt fjerna då vi fekk vite at vegen faktisk vart stengt. Før dette visste vi ikkje noko meir sjølv, seier Jarle Bugge, driftsjef i Nor- Way.

– Er informasjonen god nok utan kundeservice i helgene?

– Vi har ikkje kundeservice i helgene fordi det ikkje er behov for det, seier han.

– Korleis ser det ut med tanke på bussavgangar mandag?

– Vi må sjå det an, men brøytemannskapet meiner dei får opna vegen til i morgon. Vi forheld oss til det.

Hunnedalen kan bli stengt
Publisert:
  1. Vær
  2. Trafikk
  3. Haukeli
  4. E134

Mest lest akkurat nå

  1. Soppen vokste ut av huset, og sam­boeren sa stopp. Men det var bare begynnelsen

  2. Naudetatane har 14 i karantene etter Skurve-ulukka: – Burde fått tilbod om vaksine

  3. Jakob Ingebrigtsen er forlovet

  4. Slukket brann­tilløp ved Viking­hallen

  5. Familiefaren kaller seg Better Bound: – Frihet for meg er å bli bundet fast

  6. FHI har aldri sett noen lignende: En overraskende effekt av om­fattende smitte­vern­tiltak