Brettspel er meir enn berre hyttekos for denne gjengen

Over hundre brettspel-entusiastar har denne helga samla seg i Sandnes. Mange av dei spelar vekentleg i brettspelklubbar.

Glenn Falnes (t.h.) er med i brettspelklubb og speler aktivt. Her speler han Panamax med Jonathan Miller og Andreas Caspers.
  • Birgitte Flote
    Birgitte Flote
    Journalist
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

På Thon Hotel i Sandnes står brettspel stabla i dungar. Ein gjeng ungdommar sit på eit bord, fire vaksne menn på eit anna, barn og foreldre på eit tredje.

101 personar er påmelde til brettspelfestivalen SPEL som denne helga vert arrangert for fjerde gong.

Steinar Watne lærer vekk eit nytt spel til dottera Helga Johanne Watne (t.v) og venninna Alva Ovedal Amundsen.

– Somme har reist for å få med seg dette, enkelte heilt frå Trøndelag, seier arrangør Terje Vedaa Naustheller i brettspelklubben Alea jacta est som held til i Sola.

Andre hendingar denne helga:

Les også

Her skal lensmannen prøve 2000 hestekrefter

Les også

Boksal på Sølvberget: Mathilde (9) jakter på hestebok

Stian Johansen er i Escape room der han og venegjengen må løyse gåter og andre utfordringar innan 45 minutt.

«King Domino», roper ein mann og folk røyser seg for å bli med i turnering. Vinnarane får brettspel, og alle deltakarane vert med i trekninga av brettspel.

– Truleg går dei fleste heim med ein form for premie etter helga, seier Vedaa Naustheller.

– Somme har reist langt for festivalen, seier arrangør Terje Vedaa Naustheller i brettspelklubben Alea jacta est (t.v.).
- Kaninane har blitt ein livsstil

– Stort brettspelmiljø

Heile helga skal deltakarane spele strategispel, kortspel, barnespel, partyspel med meir.

Ifølgje Vedaa Naustheller er det eit stort brettspelmiljø i Rogaland, og mange av deltakarane på festivalen er aktive i forskjellege brettspelklubbar resten av året. Blant desse er Glenn Falnes frå Stavanger.

– Vi møtes kvar onsdag frå klokka fem, ja med unntak av i høgtidene. Det er ein fin måte å kome seg vekk frå pc- en, seier han.

– For min del handla brettspel om at eg trengte å kome meg ut meir. Eg gjekk på jobb og gjekk heim frå jobb og trengte å vere meir sosial, seier Andreas J. Caspers.

Saman med Jonathan Miller førebur dei spelet Panamax, eit spel som dei tre vidarekomne brettspelarane aldri har spelt før.

– Det verkar komplisert. Vi må gjennom 23 steg berre for å sette det opp, seier Falnes. Men det har dei for så vidt tid til denne helga.

– For min del handla brettspel om at eg trengte å kome meg ut meir. Eg gjekk på jobb og gjekk heim frå jobb og trengte å vere meir sosial, seier Andreas J. Caspers.
Den store brettspillguiden13 spill du bare må ha
Publisert:
  1. Brettspill
  2. Sandnes
  3. Stavanger

Mest lest akkurat nå

  1. Mor og datter på Lura står bak den reneste rumpe-feber med disse kreasjonene

  2. Ole Kallelid er død

  3. Dette talentet gjør alt for å nå drømmen

  4. Kurt Kristensen er død

  5. Trøtt mann nektet å forlate taxi, sparket politibetjent

  6. Pfizer ønsker årlig vaksine framfor påfylling