Rogaland får verst vêr i landet

Torsdag skal det regne over heile Norge, men verst blir det i Rogaland, ifølgje meteorologane. Parkeringsvakten på Kjerag er redd fjellet vil bli stengt.

Noko slikt er det vi har i vente torsdag. Foto: Carina Johansen

  • Ragnhild Sofie Selstø
  • Tor Inge Jøssang
    Journalist
Publisert: Publisert:

– Det ække no' alright vær som kjem, seier Elin Lundstad, klimaforskar ved Meteorologisk institutt.

Frå i torsdag kveld til i morgon fredag formiddag er det meldt om ein lågtrykksvegg som skal kome inn frå England og Skottland. Det blir opp mot 14 millimeter regn i Stavanger, og enda meir sørover på Jæren. Det blir pausar frå regnbøyene, men dei er på natta. Lundstad trur det vil kome tordenver i tillegg.

– I år har eit lågtrykk lege i ein sørligare bane, som har gjort at Rogaland har fått meir regn enn andre stader, fortel Lundstad.


Komiker Rune Bjerga er en av mange som sliter med sommerværet

Her kan du ta en kikk Rune Bjergas video om gledene ved å feriere i Norge.


Stengt i fjellet?

I går herja kraftig regn og hard vind blant anna på Kjerag og Preikestolen. Stiftelsen Preikestolen og Lysefjorden Utvikling hadde representantar på parkeringsplassane i går for å stanse turistar som ikkje var budde på turen til dei berømte fjelltoppane i Lysefjorden.

Henrik Lilleheim på parkeringsplassen til Kjerag ventar ikkje mykje betring, så han er redd for at fjellet blir stengt i dag slik det også blei i august i fjor.

Det er meldt stiv kuling med 17 meter i sekundet frå sør-aust. Då er det ingen spøk å klatra ut på Kjeragbolten. Dei med godt utstyr kan gå turen, men dei som går i jeans, tights og shorts, får ein peikefinger frå Audun Rake, dagleg leiar i Stiftelsen Preikestolen og Lysefjorden Utvikling.

Til tross for regn og uvær trosset mange turister advarslene mot å besøke Preikestolen i august 2016. Foto: Tor Inge Jøssang

Mange snudd

– Alle får beskjed om at dersom éin i følgjet får problem, så må alle i følgjet snu, seier Rake.

Henrik Lilleheim fortel om åtte-ti bilar som snudde på parkeringsplassen ved Kjerag i går etter at dei fekk informasjon om forholda i fjellet.

– Utanom det får alle streng beskjed om å vera veldig, veldig forsiktige og snu viss dei blir bekymra, seier han.

Måtte tøma kjellarar

Tysdag kveld forårsaka kraftige regnbøyer at restaurantar og kjellarar i Stavanger fløyma over. Men uveret var så lokalt at mens nokre i Stavanger tømte ut vatn frå hus, hadde folk i Sandnes og Tananger halvfint ver.

Brannvesenet hadde over 30 utrykkingar til vasskader på tre timar tysdag.

Ein av dei var hos Linn Mari Vatsvåg på Eiganes, kor over 70 kvadratmeter av kjellaren var overfløyma.

– Store mengder vatn fossa opp frå alle slukar på vaskerommet og badet, fortel Vatsvåg. Ho stod med handkle og store nalar for å få bort vatnet, likevel surkla det godt når dei gjekk på parketten.

– Parketten må nok bort. Me har berre budd her i éin månad og har ikkje pakt ut alt ein gong, seier Vatsvåg.

Ho fortell om fleire naboar med kjellarar fylt med vatn som stod ute på gata med bøtter i hendene.

– De har vore ekstremt uheldige med været i år. Eg håper inderlig at det blir betre for dykkar del, seier Lundstad.

Mehmet Karabulut og Ahmet Peker jobber med å holde vannet ute fra restauranten Pasha i Verksgaten. Foto: Carina Johansen

Les også

  1. Styrtregn ga oversvømmelser i Stavanger sentrum - vannet fosset inn på restauranter

Publisert:
  1. Preikestolen
  2. Kjerag
  3. Vær

Mest lest

  1. Vil gjøre Byhaugtunnelen om til sykkeltunnel

  2. Reagerer kraftig på at de må til Stavanger i cupen: – Idiotisk

  3. Disse vaksineres denne uken

  4. Dette var lenge et unntak innen eldreomsorgen. Det er det ikke lenger