Jon Ingemundsen
2020 har ikkje vore allverda.
Ikkje kan me klemma, reisa ut i verda eller sitja tett på konsert.
Men julepyntinga skal ikkje koronaviruset ta ifrå oss.
Publisert: Publisert:

Hjå Sidsel Olsson Vistnes i Risavika blir det ikkje jul utan nissar, mange nissar.

I hennar hus er det alltid plass til ein nisse til, og ein til, og ein til. Kvart år må nissane stå tettare og tettare, og no tel dei fleire hundre.

Det at dei er blitt så mange i talet, betyr at det skal stadig meir til for å komma gjennom Sidsels nålauga og bli teken inn i nisseforsamlinga. Sjellause nissar har ingen sjanse.

– Nissane mine er berre nydelege. Noko av det gildaste eg veit er å sitja i skumringa og la blikket vandra frå nisse til nisse. Det er nissens ansikt som er viktigast, og eg føler eg kjenner dei alle, forklarer 65-åringen.

Les hele saken med abonnement