Fleire for tidleg fødde overlever. Matheo kom i veke 23
Publisert: Publisert:
– Pust. Skrik. Vær så snill.
Tarjei Sætre Dahl står i den stappfulle fødestova og er vitne til at sonen kjem til verda.
Ingen veit om det knøttvesle barnet er levedyktig. I hovudet til faren kjem berre desse orda: Pust. Skrik. Vær så snill.
Så kjem det eit klynk frå den vesle kroppen.
– Var det min unge som klynka, spør Katrin Kleppe frå fødesenga.
Den vesle guten er fødd etter berre 23 veker i livmora. Han veg 650 gram og målar 32 centimeter. Så liten at han kvilar i berre ei legehand.
– Ja, svarar legen.
Dei jobbar alle med å berge det vesle barnet.
Les hele saken med abonnement