• «Tau» har klappa til kai. Det er helg og bilar og folk strøymer i land for å nyta sommarshelga. Bildet skal vera frå 1964. Taunusen som kjem kjørande mot oss, tilhøyrte Jan Langvik som både var banksjef og ordførar i Strand. Ukjent
    Galleri

«Tau» kom før mini-skjørtet og Beatles-håret

JONE-BLOGGEN: Ikkje ei einaste jente gjekk med miniskjørt. Gitarspelande guttar med hår som låg langt ned forbi øyrene, var det ingen som hadde høyrt om. Og Gerhardsen hadde vore statsminister meir og mindre samanhengande sidan krigen slutta. Så lenger er det sidan Tau-ferja begynte å gå den 25. mars 1961.