Kvifor er Gunhild så dårleg til å vera gravid?

For vel eit år sidan gjekk gravide Gunhild Moe i korridoren på SUS og gret. Som alltid kjende ho seg grunnleggjande elendig. 41-åringen frå Suldal var då lukkeleg uvitande om at det skulle bli endå mykje verre.

Kvifor er eg så dårleg på å vera gravid? har ho regelmessig spurt seg sjølv gjennom dei 12 åra ho har brukt til å få dei tre sønene Noah (11), Jonas (8) og Teodor (1)

Ho var eit utslite omvandrande medisinsk mysterium der ho vagga rundt på Stavanger universitetssjukehus (SUS). Gunhild kjende seg influensasjuk og hadde vondt i mage og rygg. I tillegg hadde ho lange og smertefulle kynnarar store delar av døgnet.

Ingen hadde forstått akkurat kva som feilte Gunhild, før svaret kom då tredjemann Teodor blei fødd 6. desember i 2021.

Les hele saken med abonnement