Prestavegen tok knekken på prosten

Kva skjedde 2. påskedag 1858 då soknepresten i Hjelmeland fell av hesten på veg til messe i Årdal og ti dager seinare døydde av skadene?

Publisert: Publisert:

Prost Sigrid Sigmundstad og kulturleiar Eldfinn Austigard traskar langs Prestavegen, den historiske hovudvegen mellom Hjelmeland og Årdal. Bjørka rissar rim på himmelens rute. Dagen er blå, og det knirkar lett i tørr snø. Riskedalsvatnet ligg under ei hinne av is.

– Presten hadde hovudsete på Hjelmeland, som var hovudkyrkja. Når det skulle vere gudsteneste i annekskyrkja i Årdal, så gjekk eller rei han 16 kilometer over heia. Det var litt av ein tur. Var det gale ver, måtte han leggje seg inn ein plass undervegs. Og blei veret ekstra gale, blei det messefall, fortel turfølgjet.

Les hele saken med abonnement