Førsteklasses jul
Me har snakka med eit firkløver førsteklassingar om jula, Jesus, nissen og det som høyrer til, som komler og spionutstyr.
– Eg elskar mykje med jula, slår Sophia Svellingen Berge fast og ser opp i taket med eit frydefullt blikk, mens ho sprellar med beina.
Noko av det beste med jula er når julenissen kjem, og ho får sitja på fanget hans.
– Men eg trur det var pappa. Nissen hadde i alle fall same briller som pappa, men eg er jo ikkje heilt sikker, seier Sophia ettertenksamt.
Men finst eigentleg nissen?
Dei er litt usikre. Viljar Skjefstad Hårajuvet fortel om bestemor som var ute då nissen kom på besøk, men like etter nissen hadde vore der, dukka bestemor opp igjen. Det var litt rart, påstår han. Og i fjor då han feira hjå tante, var nissen sjuk.
Les hele saken med abonnement