Ho er reisande lege i naud: – Eg ser på oppdraga mine utanlands som ein slags vaksinasjon mot det å ta vår velstand for gitt

Noko av det beste anestesilege Katrine Finsnes veit er når ho berre kan skru på ein brytar for lys og vaske hendene under rennande vatn på Stavanger universitetssjukehus.

Publisert: Publisert:

Store delar av året er ho nemleg prisgitt straum frå aggregat og lever med mangel på vatn. Godkjensla som innlagt straum gir er difor sterk kvar gong ho er tilbake frå ei av sine mange reiser som lege ute i konfliktfylte område i verda. Men velværet over rikeleg og reint vatn varer berre ei kort stund før det slitest bort, og den vestlege komfortbobla som omsluttar oss andre, lukkar seg om henne også.

Les hele saken med abonnement