«Lysefjord» enda sine dagar på botnen

Dei sørgelege restene av det som ein gong var den stolte rutebåten «Lysefjord», blei heva frå botnen av Oslofjorden tidlegare i år. Båten som i seinare år har vore kjent som charterbåten «Carnival», sokk ved øya Killingen ved Bygdøy langt inne i Oslofjorden i vinter. Nå er vraket heva og denne båten er ute av soga.

Publisert: Publisert:

Frå 1946 til 1982 gjekk «Lysefjord» som rutebåt på Høgsfjord og Lysefjorden. Den hadde fast liggeplass på Steinkarkaien i Stavanger i mange år saman med dei andre båtane til Høgsfjord Rutelag. I sju år var dette eit Stavangerske-skip før den endeleg blei utrangert i 1982 og seld året etterpå.

Heilt sidan 1990 har den tidlegare «Lysefjord» nå vore blå og kvit og hatt navnet «Carnival». Vippetangen i Oslo var lenge fast liggeplass.

Les hele saken med abonnement