Motede­signaren frå Tjens­voll vil vaksi­nera deg mot jogge­dressen

Kva er dette? Dette er ikkje godt nok! Den italienske designaren Romeo Gigli kikkar opp og viftar oppgitt med den eine handa mot katalogen og dei sju plagga Susanne Schanche Sandgren har arbeida med dag og natt dei siste vekene.

Publisert: Publisert:

Ho har knapt fått sagt sine første ord i presentasjonen, før den gamle stjernedesignaren på iskaldt vis gjer arbeidet hennar til støv og stryk framfor medsensorar og studiekameratar ved det anerkjende kunst- og designakademiet, NABA, Nuova Accademia Di Belle Arti i Milano.

Kva driv eg med?

Susanne fører hendene mot ansiktet der tårene vellar fram. Ho er fortvila, sjokkert og utsliten. Medan dei andre studentane begynner på sine presentasjonar, sit stavangerjenta bakarst i klasserommet og hulkegret. Etterpå dreg ho heim til huset ho deler med tre venninner, og legg seg i senga på rommet sitt. I to døgn blir ho liggjande å gråta og tenkja.

Her står Susanne Schanche Sandgren med kolleksjonen ho skal visa fram under sin første eksamen. Enno er ho lukkeleg uvitande om kva mareritt det skal bli.

Les hele saken med abonnement