Fredrik Refvem
Lise Elen blei svindla på nettet – men fekk hjelp av gode vener.
Birgitta vart skild – og det blei dyrt.
Sindre hadde for store planar og for lite tålmod.
Fire store omstartbankar tilbyr lån til dei som ikkje får lån i vanleg bank.
Luksusfelle-Kvadsheim har innvendingar mot desse omstartbankene.
Mange er uroa over kor mykje gjeld nordmenn har.

Du kan blakka deg på hummar og sjampanje. Men litt uflaks, ein falsk nettfriar, ei skilsmisse eller oppussing på forbrukslån kan vera ein like rask veg til økonomisk trøbbel.

Publisert: Publisert:

Lise Elen Sørskår (52) køyrde gale med moped då ho var 16 år. Tidleg på 1990-talet fekk ho bygd seg eit stort og fint hus for erstatningspengane ho fekk etter ulukka der ho blei alvorleg skada. Ho var uføretrygda, men gjeldfri då ho for fire-fem år sidan fekk kontakt med ein kar på nettet.

Lise Elen blei lurt av mann på nettet

– Eg var einsam og trist og sat difor mykje på nettet heile døgnet. Denne mannen eg fekk kontakt med via Facebook, sjarmerte meg, ja eg blei forelska. Difor ville eg meir enn gjerne hjelpa han når han trong pengar til å få betalt ned noko gjeld. Og heile tida lova han meg at me snart skulle møtast. Det var vanskeleg for meg å få lån, men som kristen ønska eg å hjelpa ein som sleit, forklarer Lise Elen Sørskår.

Ho rekna med at det ville gå med nokre hundre tusen kroner, men han lurte henne til slutt for to millionar. Sørskår tok opp diverse forbrukslån med huset som tryggleik. Heile tida kontakta mannen hennar og maste om meir pengar.

Les hele saken med abonnement