Vert ikkje tilliten gjenreist, kan eliten få seg fleire over trynet

«Min mistanke er at den såkalla populismen er ein reaksjon hos mange på at dei kjenner seg politisk makteslause samtidig som dei oppfattar at politikken som blir ført av den politiske overklassen i t.d. USA og EU, er ein politikk som samlar stadig meir av den totale rikdomen og inntekta hos stadig færre personar», skriv Kåre Hegland.

Debattinnlegg

  • Kåre Hegland
    Stavanger
Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over fem år gammel

DEBATT: Svein Erik Tuastad sin gjestekommentar i Aftenbladet 17. januar reiser interessante spørsmål. Det er lett å vera samd i at politiske avgjerder må vera kunnskapsbaserte. Det viser seg likevel at det ikkje alltid like lett å vera samd om kva som er fakta og god kunnskap. Og der ein er samd om fakta, kan ulike tolkingar av kjennsgjerningar vera velgrunna.

Somme politiske tolkingar kan vera godt for somme, medan andre dreg politiske slutningar som er til fordel for andre. Om det var opplagt kva som er den beste politikken, kunne ein kanskje kvitta seg med politiske organ, eller eventuelt med folkerøystingar. Då kunne ein vera nøgd med avgjerder frå ekspertar, eller om dei vart avanserte nok, frå datamaskinar.

Les også

«Ingen overraskelse at Trump vant»

Politisk makteslause

Der er vi ikkje no, og eg kan ikkje tru mange ønskjer at det skal verta slik i framtida. Attom politiske usemje ligg ikkje berre rein kunnskap og ulike tolkingar av fakta, men også at ein legg vekt på ulike verdiar og har ulike idear om kva ein vil oppnå med praktisk politisk arbeid. Min mistanke er at den såkalla populismen er ein reaksjon hos mange på at dei kjenner seg politisk makteslause samtidig som dei oppfattar at politikken som blir ført av den politiske overklassen i t.d. USA og EU, er ein politikk som samlar stadig meir av den totale rikdomen og inntekta hos stadig færre personar. Slikt kan føra Brexit, val av ein Trump og andre valresultat som er vondt å tolka som anna enn folkeleg utrykk for mistillit den noverande politiske overklassen.

Les også

Vi kan ikke starte debatten om Trumps valgseier med at velgerne hans er dumme rasister

Tilliten må gjenreisast

Om denne politiske overklassen skal gjera seg fortent til det positive namnet elite, var det kan henda ein ide at dei tok på alvor den folkelege skepsisen som gjer seg gjeldande. Vert ikkje tilliten gjenreist, kan eliten få seg fleire over trynet. Kanskje ville det styrkja demokratiet og viljen til å finna løysingar som også omfattar dei som kjenner seg utanfor

Les også

  1. Demokratiet i krise: Stadig mindre rom for å involvera befolkninga

Publisert:
  1. Svein Erik Tuastad
  2. Demokrati
  3. Politikk
  4. Brexit

Mest lest akkurat nå

  1. Familien prøvde å overtale kvinnen til å ta vaksinen. Men hun sto på sitt

  2. Dei sat i baksetet då foreldra døydde

  3. Tenåringer hengt ut som voldtektsmenn på Tiktok: – Det tok livet av ungdomstiden vår

  4. – Veldig overrasket over bivirkningene. Hadde ikke trodd jeg skulle bli så preget

  5. Kulturlivet er ikkje stengt. Men lørdag kveld var det heilt tomt

  6. Børge har tatovert barens navn på låret. Lars har sittet på samme krakk siden 1992. Bob og hunden Nancy finner alltid roen. Stampuben er deres andre hjem