Korfor meiner du akkurat det du meiner?

DEBATT: Lytt både til dei som seier at Erna er stjerna og til dei som seier Støre tar Ap ut i uføre.

Publisert:

«Lytt til kvarandre! Slutt med å skjella kvarandre ut på talarstolar, i avisinnlegg, i tv-debattar og i kommentarfelta. Men prøv heller å forstå korleis den andre sida tenker og handlar», skriv Svein Westlye. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

Svein Westlye
Sandnes

Du er negativ til innvandring, har ikkje tru på at global oppvarming er menneskeskapt, du er mot EU, EØS og ACER, synest britane gjorde lurt i Brexit og jublar for at Trump vil «Make America great again».

Du er negativ til kommunesamanslåingar, er mot nedlegging av lokalsjukehus, lokale lensmannskontor og lokale postkontor.
I tillegg heiar du på LO-folka frå Nord-Rogaland som nekta Hadia Tajik å tala på 1. mai-arrangementet sitt fordi ho og Ap var med på å stemma ja på Stortinget til EUs ACER, «Byrået for samarbeid mellom energireguleringsmyndigheiter» .

Kritisk til sentralisering

Alt i alt er du svært kritisk til alt som luktar av sentralisering og internasjonal overstyring. Du vil heller styrka det nasjonale og det lokale – du vil ikkje la ei sentralmakt frå Brussel, frå Oslo eller frå store regionssentra bestemma over ditt liv og heimstaden din.

Så er spørsmålet: Korfor meiner du akkurat dette? Ein av dei som har forsøkt å gi svar, det er Edvard Lysne, som på sju tettskrivne sider peikar på grad av kulturell kapital for å forstå oss sjølv politisk. Innlegget blei publisert i Aftenposten si nettutgåve den 12. april med overskrifta: «Høyr på den andre sida: Tankar rundt den store politiske polariseringa som har heimsøkt vårt land».

TV2-ankeret, Arill Riise, blei så begeistra for analysen til Edvard Lysne at han tvitra: «Ein av dei beste analysene eg har lese av det politiske Norge på lenge». (På twitter, 13.4.18).

Sosiologiske briller

Som samfunnsfaglærar på Sandnes vgs. med mi eiga flinke sosiologigruppe, så berre måtte eg dela IKT-mannen Lysne sin analyse. Hovudpoenget hans er å sjå på fordelinga av kulturell kapital og ikkje vera så opptatt av fordelinga av økonomisk kapital. Lysne skriv: «Dei med høg kulturell kapital og med høg utdanning har ordet i si makt. Dei er flinke til å diskutera, skriva, argumentera og å snakka for seg og sitt.(…) Og dette sosiale sjiktet dominerer fullstendig dei etablerte media i den offentlege samfunnsdebatten(…)».

Eg trur Lysne har rett som peikar på at dette er velutdanna folk med haugevis av kulturell kapital, heilt overbevist om dei veit best og at dei andre tar feil, ikkje minst nett-trolla i kommentarfelta som manglar kunnskap; dei er vulgære som manglar kulturell kapital i motsetning til dei velutdanna.

Og slik blir det fyrt opp under ytterpunkt i norsk politikk frå opposisjonen på den eine sida med Ap og SV til posisjonen på den andre sida der mellom anna Frp sit i den blå-grøne regjeringa. Og enno lengre på yttersida finst høyrepopulistane.
Det er i dette politiske landskapet sinnet og hat dukkar opp som at Sylvi Listhaug må gå fordi ho kalla Ap terroristar, så blir ho krossfesta medan Jonas Gahr Støre blir drapstrua.

Tre konfliktar

For å forstå meir av dette sinnet, så listar Lysne opp tre konfliktlinjer i norsk politikk:

  • Økonomisk konflikt: På grunn av den aukande velstanden, avindustrialiseringa og veksande middelklasse i etterkrigstida og fram til i dag, så er ikkje lenger økonomi svaret på den politiske polariseringa.
  • Sentrum-periferi-konflikt: For å forstå norsk nei til EU i 1972 og 1994, så har mange peikt på motsetningane mellom by og bygd – fronta av partiet Sp.
  • Kulturell konflikt: Det er altså i den kulturelle konfliktlinja Lysne meiner forklaringa på sinnet og polariseringa i norsk politikk ligg. Han støttar seg til den franske sosiologen, Pierre Bourdieu (1930-2002), som meinte ein miks av økonomisk kapital og kulturell kapital forklarte det meste, men mest av alt kulturell kapital som god utdanninga gir.

Sjølv vil eg også støtta meg til analysen av at mykje eller lite kulturell kapital i stor grad forklarar kor du og eg står politisk.

Det betyr ikkje at dei velutdanna med mykje kulturell kapital har rett – eller har «heila vede» som me vil seia på rogalandsk. Me må passa oss for arroganse, for å tru at utdanning og god kunnskap automatisk betyr at me har rett – alle me som ser på oss sjølv som folk med vidsyn, me som ser på oss sjølv som verdsvante globalistar og ikkje nærsynte nasjonale lokalistar.

Lytt til den andre sida

Her er noko alvorleg gale med norsk politikk for tida, ifølge Edvard Lysne, som seier noko mørkt har heimsøkt landet vårt. Men svaret han gir er meir positivt: Lytt til kvarandre! Slutt med å skjella kvarandre ut på talarstolar, i avisinnlegg, i tv-debattar og i kommentarfelta. Men prøv heller å forstå korleis den andre sida tenker og handlar.

Og då veit kanskje fleire av oss korfor akkurat me er meir positive til innvandring, til EU, til klimatiltak og til at det kan vera lurt både med kommunesamanslåingar og til å nedleggja ein del lokalsjukehus, lensmannskontor og postkontor.
Men aller viktigast; lytt til kvarandre uansett grad av kulturell kapital. Lytt både til dei som seier at Erna er stjerna og til dei som seier Støre tar Ap ut i uføre.

Les også

Nordmenn splittet i synet på Solbergs håndtering av Listhaug-saken

Les også

Forsker: – Frontene har sjelden vært så polariserte

Publisert: