Toleransens vilkår i urolege tider

KRONIKK: Den politiske situasjonen og dei politiske løysingane definerer levevilkåra for toleransen. No lever han utrygt.

Publisert: Publisert:

«Svekkinga av toleransen er eit symptom, ei feberkurve. Pasienten er ikkje frisk. Kva er det som plagar han?» spør Andreas Skartveit. Foto: Shutterstock/NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Andreas Skartveit
    Skribent, tidlegare forslagssjef

I Aftenposten for 11. september har filosofen Einar Øverenget eit debattinnlegg om den nye intoleransen. Han er uroleg over at mykje av samfunnsdebatten i dag handlar om å ta frå ein del menneske retten til å ytre seg. I veksande grad bli intoleranse godkjend i samfunnsdebatten.

Folk som seier utrivelege ting som vi er djupt usamde med, skal miste taleretten, retten til å bere fram sine skammelege tankar. Øverenget siterer Voltaire, med sitt krav om sterkt å forsvare ytringsretten for folk som er usamde med han.

Vi kan vere på veg mot det autoritære samfunnet, seier Øverenget, og viser til Hitler og Stalin, som fjerna usemje og debatt, med det utfallet vi kjenner. Han kjenner uro ved den framvoksteren for intoleransen han meiner å kunne observere.

Men han skriv lite om kvifor dette skjer.

I gode tider

Ytringsfridommen, og halvbroren toleransen, er skjøre godvêrsvokstrar. Dei er svært avhengige av mildt vêr og godt og fredeleg klima. Når den iskalde nordavinden set inn, når konfliktane i samfunnet blir tunge og eksistensielle, og alle kryp inn i hola sine for å verje og redde seg og sitt, er ytringsfridommen og toleransen av dei første som bukkar under. Alvorlege konfliktar i samfunnet toler dei dårleg.

Historia fortel mykje om dette.

Religionskrigane handla om mange ting, også om religion, om livet etter døden, himmel eller helvete hos oss. Dei andre, dei med ei anna lære, lærde feil om dette, og følgjesveinane deira ville då hamne i eldsjøen når tida deira var ute, djevelens born som dei var.

Dette var svært alvorleg, så alvorleg at all toleranse var å rekne som grov synd, synd mot den eine sanne og rette Gud og hans frelsesverk for menneska.

Vranglærarane mått stoppast, med dei rådene som fanst, utestenging, eit vidt strafferegister, våpen og blodspille om det måtte til.

Gudar på si trone, som Allah og Jahve, er urokkelege i sin intoleranse, som katolikkar og protestantar eingong var det, og som sjiaer og sunniar er det i dag.

Det handlar om gudens eineveldige makt over menneskesjelene. Eineveldet kjenner ikkje kompromiss. Kompromiss, ein slektning av ytringsfridommen og toleransen, er nederlag. Risikoen, prisen, er for høg. For mykje står på spel.

Holocaust som utfordring

I mellomkrigstida var det romsleg toleranse for nazistiske ytringar og tankar i delar av det norske samfunnet , i media også. Naziføraren [den seinare; red.mrk.] kom til og med i regjering.

I aprildagane 1940 snudde dette. Noreg vart delt, og toleransen vart borte på begge sider. Den nye makta brukte grove maktmiddel mot tankar og ytringar som var kritiske til det nye regimet og den nye tida. Størstedelen av folket møtte nazistane med avvising, utfrysing og forakt, i nokre tilfelle også med drap. For mykje sto på spel. Og toleransen bukka under.

Holocaust er ein mørk skamplett i europeisk historie. Antisemittismen, som låg til grunn for katastrofen, har gjennom tidene grodd både her og der i Europa, også i Noreg. Fedrane på Eidsvold gav sitt bidrag då høvet baud seg.

Det vart likevel slik at denne planten i moderne tid fann si beste voksterjord i dei germanske landa. Tyskland og Austerrike, med ideologen Adolf Hitler.

Etter krigen kom det eit oppgjer etter katastrofen, med ulik styrke i ulike land. Det har stått fram historikarar som nektar for at holocaust i det heile har hendt, dei såkalla holocaustfornektarane. I historiefaget har dei stort sett fått ei hardhendt handsaming, nokre har fått dom i ein rett.

Men ein effekt av dette er at det er kome lovforbod mot desse synspunkta i Tyskland og Austerrike. Om Irving eller Faurisson eller andre av holocaustfornektarane hevdar noko slikt i Tyskland eller Austerrike, vil dei bli arresterte. Synspunkt er blitt ulovlege. Toleransen er oppheva. Politiet er på vakt over historia.

Det minner om samfunnssystem vi mislikar, midt i Europa.

Her har altså kollektivet, gjennom sine folkevalde organ, vedtatt at holocaust var så forferdeleg at det er freda i historiefaget. Det skal stå for all ettertid til skrekk og åtvaring, for å fortelje korleis etablerte kulturnasjonar kan hamne i det svartaste barbari.

Erfaringa er så vond at ho ikkje må gløymast. Forsøk på å fjerne henne fell då utanfor retten til ytringsfridom og kravet på toleranse.

Her står for mykje på spel.

Tonen i politiske debattar er skjerpa i fleire land. Ekstremistar er ute og går med flagga sine, og det blir slagsmål i gatene.

Alle som har hatt med husdyr å gjere, veit at dyra i ein flokk går laus på kvarandre når dei blir stressa og pressa. Kyllingane hakkar, grisane bit og kyrne stangar. Husfreden og den gamle toleransen er borte.

Svekkinga av toleransen er eit symptom, ei feberkurve. Pasienten er ikkje frisk. Kva er det som plagar han?

Er det globaliseringa, med trugsmål mot trygge arbeidsplassar? Er det flyktningstraum og innvandring, der det fjerne og ukjende blir nært og trugande? Er det internasjonal uro, med Ukraina og Krim? Har finanskrisa sett ein støkk i folk, med tilhøyrande tvil på systemet vårt og den framtida det kan gi oss? Trygge vestlege statar, som USA og Storbritannia, slit med politiske vegval, medan grannane i sør og aust søkjer seg bakover i historia mot sterkare statsmakt. Sverige, av alle land, har problem med å skipe regjering.

Problemkatalogen er lang, og kanskje veksande.

Les også

Sven Egil Omdal: «Frykten bakenfor fremmedfrykten»

Utrygge tider

Mykje står på spel. Og i så stressa situasjonar har toleransen alltid vist seg å vere eit tidleg offer.

Ytringsfridom, toleranse og demokrati er unge og sårbare vokstrar i historia.

Fersk europeisk historie viser klårt at dei har ei tålegrense.

Det er den politiske situasjonen og dei politiske løysingane som definerer levevilkåra for toleransen.

Og då lever han utrygt.


  • Andreas Skartveit (81), opphavleg frå Finnøy, har bakgrunn som programmedarbeidar i NRK (1962–72), forlagssjef i Det Norske Samlaget (1972–78), redaktør av Syn og Segn (1972–78), administrerande direktør i Gyldendal Norsk Forlag (1980–90), formann i Den norske Forleggerforening (1984–87) og fjernsynsdirektør i NRK (1991–93). Red.mrk.
Publisert: