Pride får oss til å tru at livet berre handlar om underlivet

DEBATT: Kvifor er det så umåteleg viktig å dyrke seksualdrifta? Eg lever eit liv utan intimt samvær med ein annan. Og tru det eller ei, eg har eit rikt liv. Fordi livet handlar om meir enn underlivet.

Det er eit tankekors at Pride-rørsla har lukkast med å få til ei «religiøs» feiring av sine verdiar. Og det til og med utan at det blir stilt spørsmål ved omfanget og konsekvensane.
  • Margit Hunemo
    Lye
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Juni blir kalla den stolte månaden. Men er det sant? Svaret er sjølvsagt nei. Ein kalender har ikkje kjensler. Men månaden blir likevel kalla «stolt». Rett nok på engelsk. Fleire grupper av menneske er stolte over å ha ein heil månad med merksemd, fest og feiring. Ei forlenga «russetid» for alle aldersgrupper.

Midtsommarmånaden. Ei tid med feiring av individet. Fridomen. Retten til mangfald. Retten til å vere den ein vil vere. Retten til å sjølv definere kva og kven ein er. Feire livet og eigne verdiar og levemåtar. I juni skal heile nasjonen feire fridom frå grenser og gamle mørkemanns-fobiar.

Vi feirar fridom frå moralske tvangstrøyer og kristeleg mørkemanns-syn. Juni er fest og feiring! Vi er FRI. I vårt slaveri …

Eg undrast over mangt eg ikkje har mot til å sette ord på, fordi merkelappar sit laust. Og viljen til å misforstå er mat for konspirasjonsteoriar. Denne feiringa i juni er så overdriven einsidig. Den er beint fram respektlaus i møte med andre verdiar og livshaldningar.

Kva skjedde med moral og etikk?

Frå min ståstad synest det heller vere ein demonstrasjon mot det vi tidlegare rekna som sjølvsagde moralske og etiske levereglar. Det handlar om grensesprengjande og grenselause livshaldningar der ein sjølv – einskildmennesket – definerer sin eigen moralske lov.

Eg meiner med dette ikkje at medmenneske med ein annan legning og livshaldning er mindre verdt. Eg skriv ikkje i respektløyse. Men eg undrast kvifor det er så umåteleg viktig å dyrke seksualdrifta?

Ja, det synest som om det er den grenselause lauslivnaden som gjev livet meining. Eller sagt på ein annan måte: Dersom vi som er eineståande gjev råd om eit liv i sølibat, blir vi latterleggjort, og nærast skulda for å «ha mista vitet». «Ingen» forstår i dag korleis nokre av oss kan leve eit liv utan intimitet med eit anna menneske. Det er ikkje mogleg. Det er eit fattig liv. Nei, det er tvert om eit rikt liv. Fordi livet handlar om meir enn underlivet.

Mellom mann og kvinne

Livet handlar om tid. Tid til å sjå, lytte og dele. Våge å vere til stades i eige, – og andre sitt liv. Når det trengst. Det er ikkje «gammaldags» å hevde at ekteskapet mellom kvinne og mann er den rette staden for intimitet. I ekteskapet er ein «avkledd» på alle slags måtar. Og slik må det vere, om ein skal leve saman med respekt og ære.

Eg undrast over mangt eg ikkje har mot til å sette ord på, fordi merkelappar sit laust. Og viljen til å misforstå er mat for konspirasjonsteoriar. Denne feiringa i juni er så overdriven einsidig. Den er beint fram respektlaus i møte med andre verdiar og livshaldningar. Ja, den er respektlaus i møte med sjølve Livet.

Det er eit tankekors at Pride-rørsla har lukkast med å få til ei «religiøs» feiring av sine verdiar. Og det til og med utan at det blir stilt spørsmål ved omfanget og konsekvensane. For det skal Pride- rørsla ha: dei har lukkast med strategien. Motmæle elden er slokna. Eg er ikkje stolt av utviklinga. Eg gret.

Publisert: