«Me bygger fellesskap», seier Stavanger kommune – men gjeld det i praksis i språkpolitikken?

DEBATT: Bergen by har forstått dette og sett klare mål for koss nynorsken skal få ein sterkare plass i hovudstaden til Vestland fylke. Det bør Stavanger gjera i Rogaland òg.

Forfattar Tore Renberg konstaterte i 2018 at nynorskforakten i Stavanger er forelda. Men følgjer kommunen – og fylkeskommunen – i praksis opp sine visjonar og mål for nynorsken? Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Einar Schibevaag
    Einar Schibevaag
    Leiar, Rogaland Mållag
Publisert: Publisert:

«Me bygger fellesskap» er visjonen til Stavanger kommune. Denne kjem òg til uttrykk i kommunen sin nye språkprofil. Grunngjevinga er at god kommunikasjon og eit klart språk er grunnsteinen når eit godt fellesskap skal byggjast.

Ein plass i bybildet

Under Kapittelfestivalen i 2018 utfordra stavangerforfattaren Tore Renberg byen på haldningane sine til språket. «Nynorskforakten er forelda», sa Tore Renberg, og viste til komifiguren «Sylfest Strutle», lærarhaldningar og «spynorsk» i skulen.

Språkvisjonen for Stavanger kommune vitnar nå om at fleire har sett og forstått saka og sett språk på den politiske dagsordenen. Skal demokratiet verka, gjer byen rett i å hegne om at nynorsken skal ha ein plass i bybildet. Det ligg i den demokratiske ideen at fleirtalet står opp og viser omsorg og vilje til og å fremje mindretalet sin plass i samfunnet.

Stavanger er og vil vera byen for heile Rogaland. Då må han heller ikkje gløyma kor mange av dei som har sett bu i byen som har røtene sine frå det nynorske kjerneområdet byen er omkransa av.

Les også

Tore Renberg i Aftenbladet: «Den paradoksale nynorskforakten»

Les også

Takk for støtta, Tore Renberg!

Tydelege mål

Bergen by har forstått dette og sett klare mål for koss nynorsken skal få ein sterkare plass i hovudstaden til Vestland fylke. Tydelege mål og tiltak blir forma, og alt frå komande haust sikrar byen eit fast tilbod om nynorsk parallellklasse i Bergen sentrum – uavhengig av kravet om et minimum på ti elevar.

Å la nynorsken sleppa til i sentrumsskular i Stavanger bør vera eit tilsvar frå byen som ynskjer å vera byen for heile Rogaland. I Stavanger hadde me ein tradisjon med parallellklassar ved fleire av skulane, men endringar i statlege føringar viska dei bort. Nå kan dei folkevalde i Stavanger visa veg å gje eit slikt tilbod i Stavanger òg, utan at føresette må slåst for rettane sine. Det gir større toleranse og fremjar verdien av at ungane våre blir gode og glade språkbrukarar i møte med norsk – om dei har bokmål eller nynorsk som opplæringsmål.

Tilbod om nynorsk som opplæringsmål er ekstra viktig nå som Stavanger er blitt større. Nynorskkommunen Finnøy er komen til, og med det fleire skulekretsar med nynorsk opplæringsmål i nye Stavanger kommune. Eit sterkare språkfokus er viktig og vil vera til inspirasjon for både elevar og lærarar.

Les også

Rogaland Mållag fyller 100 år: «Rogalandsmålet er nynorsk»

Sterk i ord, ikkje så sterk i handling

Fylkesordførar og byjente Marianne Chesak har òg vist veg. 11. desember 2018 fekk ho fylkestinget med seg på at: «Det skal ikkje vera vanskelegare å vera nynorskbrukar enn bokmålsbrukar i dei vidaregåande skulane i Rogaland.»

Det djerve målet var at ingen elevar skulle velja bort nynorsken i skuletida.

Ein høg ambisjon – og det var mange som såg med glede på vedtaket. Endeleg blei saka sett på dagsordenen. Men eit vedtak blir aldri meir verdt enn papiret det er sett ned på, om ingen plukkar det opp og set orda om til handling.

I grunnskulen i Rogaland er det omlag 14.230 nynorskelevar. 4 av 5 byter hovudmål i den vidaregåande skulen og går over til bokmål. Det må vera ei fallitterklæring for skuleeigaren, Rogaland fylkeskommune.

Utdanning skal forma heile mennesket og gje kvar og ein rom for å finna sin veg. Dagens karakterpress fører nødvendigvis ikkje til meir danning. Det er diverre lærarar som fortel elevane sine at vel dei bort nynorsk i skulen, vil karakteren i norsk samla gå opp. Slik skal det ikkje vera, og det er stikk i strid med det fylkestinget har vedteke.

Men diverre er det nok få lærarar i skulen som kjenner fylkestinget si målsetting om å redusera fråfallet frå målforma. Endå mindre at det er definert som eit viktig mål for skulen i det heile.

Les også

Her leser du Sven Egil Omdal sin sak om Stavanger-språket: «Vossen e’ de’ du snakke?»

Tilleggspoeng?

Rogaland Mållag er opptekne av at skuleeigar og skulane våre må ta utfordringa og medverke til å styrkja nynorsken sin plass i skulen. Det er gitt eit mål frå dei folkevalde, men kva verktøy som skal nyttast er svært uklart. Vel eleven i vidaregåande skule latin, får han tilleggspoeng, vel han sit eige opplæringsmål får han det ikkje. Kanskje Rogaland skulle be om å få prøve ut ei ordning der alle som held på nynorsk får eit tilleggspoeng ved sluttført vidaregåande skule?

Språket vårt er ein viktig del av kulturarven og identiteten som Stavanger og Rogaland er bygd på. Skal fellesskapet som Stavanger kommune set så høgt i språkplanen sin hegnast om, må nynorsk ha ein naturleg plass i den offentlege kvardagen i byen.

Les også

Tore Renberg i Aftenbladet: «Den paradoksale nynorskforakten»

  • «Den paradokale nynorskforakten» – Tore Renberg sitt opningsforedrag under Kapittelfestivalen 2018 i ein podkast frå Sølvberget bibliotek og kulturhus:
  • Les også:

Heller ikke i år fikk nynorsk-elev Andrea Hebnes Tobekk pensumbøkene til undervisningstart.

For halvannet år siden fortalte Andrea Hebnes Tobekk ved Jåttå videregående skole i Stavanger om hvordan det er vanskelig å være nynorsk-elev. Foto: Carina Johansen

Les også

  1. SUS-lege er Årets nynorskbrukar

  2. Like etter at fylkesordfører fikk «Målblomen» av Stavanger Mållag, dukket en underlig språkblomst opp

  3. Kor er nynorsken i Stavanger?

  4. Der det er vilje, der er det veg!

  5. – Den fryktelege bokmålsmobben i Stavanger

  6. – Læringssenteret har 69 morsmålslærere som underviser i 38 språk, det er fantastisk!

  7. Elevane i Sola blir gode i bok­mål av å læra ny­norsk

  8. Tilståingar frå ein bokmålsgut

  9. Renberg skriv om «nynorskforakt», eg vil skrive om nynorskfrustrasjon

Publisert:
  1. Nynorsk
  2. Stavanger kommune
  3. Rogaland fylkeskommune
  4. Skole
  5. Videregående skole

Mest lest akkurat nå

  1. Ansatt på Kvadrat-butikk koronasmittet

  2. Det røde huset på Madla solgt etter heftig bud­runde

  3. – Mange er usikre på hva som er forskjellen på et privat arrangement og på besøk hjemme

  4. Hvor mye kaffe kan du drikke? Ny stor rapport om koffein i mat, drikke og kosmetikk bekymrer.

  5. Kraftig økning i henven­delser om spill­avhen­gighet under pande­mien. – Den verste fienden er alene­tiden

  6. Flere hundre i tett markering for Palestina i Stavanger sentrum