Eg er godt informert
DEBATT: Med dette visar eg til debattinnlegg i Aftenbladet 21. mai, der Cecilie Schou Andreassen og Helge Holgersen underhaldar lesarane med intern korrespondanse for å stimulere til formidlingsaktivitet ved Universitetet i Stavanger.
Debattinnlegg
- Klaus MohnRektor og professor, Universitetet i Stavanger

For meg er det vanskeleg å gå i debatt om alle moglege initiativ som måtte førekome for å inspirere til samfunnskontakt blant tilsette. Formidling er ein viktig del av samfunnsoppdraget for norske universitet. Difor er det fint at leiarar ved UiS oppfordrar til kronikk- og debattaktivitet i dagspressa, men utan at slike skriveri går inn som krav i ein arbeidsplan.
Full tillit
Eg korkje kan eller skal vere involvert i alle prosessar som går føre seg ved ulike fakultet, institutt eller andre einingar i organisasjonen. Likevel kan eg forsikre Andreassen, Holgersen og andre interesserte om at eg har full tillit til at eg får den informasjonen eg treng for å gjere ein god jobb som rektor.
Eg tek elles høvet til å minne om at ambisjonane er høge for studietilbod i psykologi ved Universitetet i Stavanger. Me er godt i gang med det nystarta bachelorprogrammet i psykologi (3-årig), og har i tillegg starta utgreiing av eit nytt master-program i psykologi (2-årig).
Starta førebuing
Etter som Stortinget no løyser opp den såkalla gradsforskrifta, og opnar for at fleire universitet kan etablere profesjonsstudium i psykologi (5-årig), har me no starta førebuing til utgreiing også av eit slikt tilbod ved Universitetet i Stavanger. Dette kunne me vanskeleg ha begynt på før me visste at ein slik gradsrett var innan rekkevidde. I nært samspel med samfunns- og helsevitskapleg kompetanse ved og utanfor universitetet gir dette oss uansett eit framifrå utgangspunkt for å forsyne arbeidsmarknaden, helsesektoren og samfunnet elles med sårt tiltrengt kompetanse.
Les også
Mest lest akkurat nå
Kilder: - Østenstad blir Braut Haalands «pengemann»
Måkenachspiel etter Gladmaten
Styreleder i Stavanger-hotell tiltalt for skattefusk
Konflikt hos Kverneland - ansatte jobber for halv maskin
Milliongebyr til Bli Vakker, Blush og Coverbrands etter Black Week
Kristoff trygt i mål etter søkkvåt tempo: – Det er i morgen Touren starter for meg
Aftenbladet anbefaler
– Det beste dei klarte på SUS den kvelden, var å pressa ei sjuk jordmor på vakt. Det er ikkje godt nok
Regjeringen legger kriseplaner for rasjonering av strøm til vinteren
53-åring fra Rogaland tiltalt for nettovergrep mot 17 mindreårige jenter
– Nesten alle foreldre velger instinktivt det farligste stedet