Kraft skal ikkje vera ei vare

DEBATT: Det manglar to viktige ord i vindkraftdebatten og energipolitikken elles: Demokratisk styring.

«På produksjonssida har me dei siste åra sett ei storstilt rasering av naturen […]. På forbrukssida har me eit kappløp om å få tak i areal og kraft til kraftkrevjande verksemder, særleg i form av datalagringssenter og batterifabrikkar. […] Er dette god bruk av krafta vår?» spør Ingrid Fiskaa (SV).

Debattinnlegg

  • Ingrid Fiskaa
    Ingrid Fiskaa
    Stortingskandidat, Rogaland SV
Publisert: Publisert:

Landet vårt er bygd på fornybar kraft. Då me for over 100 år sidan lærte å foredla fossekrafta til elektrisk kraft, gav det grunnlaget for industrialisering, velstandsauke og velferd. Men denne store samfunnsendringa oppstod ikkje i turbinane og generatorane. Ho var resultatet av bevisste vegval og politisk kamp.

I dag er me på full fart inn i ein ny runde med elektrifisering, og samtidig ei auka interesse for landbasert industri. Det blir snakka frå ganske ulike hald om eit grønt skifte, og om å bygga landet på fornybar kraft. Men nettopp fordi landet vårt allereie er bygd på fornybar kraft, og fordi me allereie har verdsleiande industri, er det verdt å diskutera korleis me klarte det, og korleis me kan klara det ein gong til.

I Rogaland står me midt oppi dei dragkampane som vil forma framtida vår. Både produksjonen og forbruket av kraft er opphav til sterkt engasjement og harde konfliktar, og set demokratiet på ein alvorleg prøve.

God bruk av krafta?

På produksjonssida har me dei siste åra sett ei storstilt rasering av naturen, med 243 vindturbinar fordelte på 16 vindkraftanlegg. Rogaland er, etter Trøndelag, det fylket som er hardast ramma av ei uvitig nedbygging av verdifull natur. Både faglege råd og lokaldemokratiet har blitt plassert på gangen, og reaksjonane har ikkje late venta på seg. Frå ei positiv haldning for berre få år sidan, har folkemeininga snudd til eit massivt nei til vindkraft på land.

På forbrukssida har me eit kappløp om å få tak i areal og kraft til kraftkrevjande verksemder, særleg i form av datalagringssenter og batterifabrikkar. Time, Bjerkreim, Tysvær og Sauda er berre nokre av kommunane som for tida vurderer ulike variantar av slike etableringar. Prosessane har til felles at pengesterke aktørar legg premissane, og at talet på komande arbeidsplassar blir sterkt overdrivne. Samtidig blir mengda kraft som trengst underkommunisert. Dersom datasenterplanane på Kvernaland i Time blir realiserte, vil det åleine sluka fem gonger straumforbruket til alle innbyggarane i Stavanger.

Les også

– Ynkelig, sier Ingrid Fiskaa (SV) etter at tre partier i Time signerte «hemmelig avtale på bakrommet»

Er dette god bruk av krafta vår? Svaret mitt er nei. For det første fordi Noreg då kan gå frå å ha eit overskot på fornybar, elektrisk kraft til å mangla kraft. Det vil skapa eit press for å bygga endå meir vindkraft på land. Og for det andre fordi lagerbygg for datalagring i praksis vil «ta» straumen frå langt betre formål, – og pressa prisane opp. Noreg bør i staden satsa meir på høgproduktiv industri, slik som den verdsleiande prosessindustrien me har i dag. Men denne vil få store problem med sjølv ein liten auke i straumprisane.

Les også

Det grøne skiftet kan gje høgare nettleige

Ingen overordna plan

Eg er neppe åleine om å svara nei. Problemet er at me i dag ikkje har ein energipolitikk som gjer det mogleg å gjera gjennomtenkte prioriteringar. I staden har me eit førstemann til (vind)mølla-prinsipp: Den som er raskast ute med å skaffa seg areal, får straumen på kjøpet. Og ja, dei nærmast får straumen. For regjeringa har i sin visdom funne ut at kraftslukande datasenter, også dei som «produserer» kryptovaluta, bør likestillast med den verkelege industrien. Dei får den same, sterkt subsidierte el-avgifta.

Noreg manglar altså ein overordna plan for produksjon og bruk av kraft. Det set lokaldemokratiet under kraftig press frå kraftbransjen og andre utbyggarar som vil sikra seg areal. I kommunane blir spørsmålet gjerne redusert til eit ja eller nei til dei som bankar på døra og lokkar med arbeidsplassar. Og dermed er det duka for konflikt, slik som i Time: Ein sterk folkeleg motstand er på kollisjonskurs med råkøyret frå pengesterke næringslivsaktørar, lokaladministrasjonen og eit knapt politisk fleirtal.

Så lenge marknaden rår, er løysinga derfor ikkje stadig meir produksjon av fornybar kraft. For i dag vil auka produksjon, med alle naturøydeleggingane og konfliktane dei fører med seg, heller ikkje sikra straum til dei formåla me helst vil prioritera. Kraftmarknaden er lekk som ein sil. Og med dei nye koplingane til den europeiske kraftmarknaden via stadig fleire utanlandskablar, lek det endå meir.

Dessutan manglar den rådande energipolitikken legitimitet. Særleg vindkraftregimet har blitt ein maskin som valsar over folk og natur. Det vil ta lang tid å bygga opp tilstrekkeleg tillit til at lokalsamfunn, naturverdiar og faglege råd vil bli tatt omsyn til. Så det er berre å starta på oppryddingsarbeidet, samtidig som me stoppar vidare utbygging av vindkraft på land og langs kysten.

Energilova

Det første me då må gjera, er å ta demokratisk kontroll over energisektoren. Energilova må endrast slik at kraft ikkje er ei vare på ein marknad, men ein innsatsfaktor i industribygging og elektrifisering. For eit land som er bygd på nettopp denne suksessformelen, bør det vera ganske opplagt. Noreg vart industrialisert og rikt fordi fellesskapet kontrollerte krafta.

Med den same oppskrifta kan me ta oss trygt gjennom ei rettferdig grøn omstilling.

Les også

SV-motstanden i Sp åpner nye rom

Les også

Stadig større SV-motstand i Senterpartiet

Les også

Sosialistisk Ungdom vil gjøre idrett gratis for alle under 18 år: – Må komme klasseskillet i idretten til livs

Sosialismen nye «wonder woman»

Les også

  1. Høyre-topp kritisk til uforbeholden elektrifiserings-støtte i partiet

Publisert:
  1. Stortingsvalget 2021
  2. Sosialistisk Venstreparti (SV)
  3. Ingrid Fiskaa
  4. Energipolitikk
  5. Elektrifisering

Mest lest akkurat nå

  1. Kom hjem til endevendt hus i Stavanger

  2. Maria fikk nesten ikke puste da hun trente. Hun fikk diagnosen mange har, men få kjenner til.

  3. Politikerne diskuterte lekser: – Snikinnføring av leksefri skole

  4. Én måned siden gjenåpningen – slik har det gått

  5. Frisk 33-åring. Bør jeg ta influensavaksinen?

  6. Halvparten av pasientene med forkjølelse er tre år eller yngre