Kvifor vert jordvernarar latterleggjort av Aftenbladet?

JORDVERN: Aftenbladet sin tekst om landbruksareala på Kalberg og Kverneland minna mest om annonsane sponsa av Lyse og Smedvig. Dette var svært ulikt og uventa av Aftenbladet.

Publisert: Publisert:

Idealistar som kjempar for matjorda er vår tids heltar. Dei kjempar mot aktørar med store økonomiske ressursar til å drive lobbyaktivitet, både i media og i det skjulte. Foto: Geir Sveen

Debattinnlegg

  • Vidar Nedrebø
    Fylkesleiar i Rogaland Senterparti

Her vert gode beiter redusert til verdilause område som bare ventar på å bli sivilisert av asfalt. Gode innmarksbeite som me har her i Rogaland er kjent for å tilføre store verdiar til den norske matproduksjonen. Faktisk kan ein på gode beiter henta like mykje dyrefôr og næring som på dyrka mark. Derfor må ikkje verdien av desse undervurderast. Her trengst eit kunnskapsløft.

Litt matjord her, litt matjord der

Idealistar som kjempar for matjorda er vår tids heltar. Dei kjempar mot aktørar med store økonomiske ressursar til å drive lobbyaktivitet, både i media og i det skjulte. Desse kampane ser me nå på Kalberg, me ser dei på Re/Svertingstad, me ser dei på Bråstein og me ser det ved bussvegen til Tananger. Litt matjord der og litt matjord her kan virke uvesentleg frå eit kontor, men den dagen landsbygda ikkje klarer å produsera nok mat til forbrukarane, kven er det då som fyst svelt?

Me har i 2020 fått ein tydlege vekkjar om at me kan ikkje tru at utlandet alltid står klar til å gjera oss mette, me må auka vår eigen sjølvforsyning. Eit kvart land må ha som mål å vera så sjølvforsynt som mogleg, og her har både politikarar og næringsliv eit samfunnsansvar. Det er ikkje mangel på næringsareal i Norge, men bare 3 prosent av landet kan ein produsera mat på. Det betyr at det er meir enn nok område for plasskrevjande industri, bustad- og vegutbygging som ikkje kjem i konflikt med det mest grunnleggjande ansvar eit land har, nemleg å brødfø si eigen befolkning.

Kven fekk fredsprisen i år?

Årets fredspris går til Verdens matvareprogram (WFP), noko som bare bekreftar kor viktig det er med mat og matproduksjon. Mangel på mat er kimen til mange konfliktar, og skapar håplause situasjonar for dei svakaste som vert offer for striden. Matjorda må forvaltast på ein berekraftig måte, her i Norge og internasjonalt.

Norge vil nok aldri klare å brødfø sin eigen befolkning. Nå vert meir enn 64 prosent av maten vår produsert i utlandet, noko som ville ført til krisestemning i mange av våre naboland. Men skal me klare å snu trenden, kan me ikkje halda på å latterleggjera dei som tek det samfunnsansvaret som politikarar og kapitalistar ikkje tek. Dei som seier nei når anleggsbransjen sine lobbyistar står der med ein sjekk på tresifra millionar for at du skal selja familiegarden, heimen og integriteten din.

Skal me klare å snu trenden, kan me ikkje halda på å latterleggjera dei som tek det samfunnsansvaret som politikarar og kapitalistar ikkje tek.
Publisert:

Les også

  1. Dette er datasenter-tomtene, ligg de i matfatet på Jæren?

  2. Full krangel om gigant­utbygging på Jæren: - Feil beliggenhet og feil tall­grunnlag

  3. Time og Kalberg passer perfekt for et datasenter, her har de alt vi trenger

  4. Datasenteret i Time er en fantastisk mulighet for hele Norge!

Mest lest akkurat nå

  1. Arvid Mæland vil hogge ut hodet til kong Harald i fjellet og sette opp «Sound of music» ved Ørsdalsvatnet

  2. – Risikerer å gå glipp av kunnskap om både Stavangers historie og norgeshistorien

  3. Kollapset i løp: Nå har Jakob Ingebrigtsen funnet ut hvorfor

  4. Svensk studie: Alle koronasmittede utviklet antistoffer

  5. Kvinne på biltur fra Midt-Norge smittet familiemedlemmer i Sandnes

  6. Det var harmonisk, så smalt det: Dette er bakgrunnen for bråket i Norges landslag

  1. Jordvern