Lær oss grensesetjing, identitet, kropp og kjensler
DEBATT: Seksualitetsundervising er så mykje meir enn berre kondom på banan, og det er på tide at skule-Noreg tilbyr elevane ei god, grundig og heilheitleg seksualitetsundervisning.
Debattinnlegg
- Sondre Undheim LokøyLeiar av Elevorganisasjonen i Rogaland

Seksualitetsundervisninga i den norske skule begynner altfor seint. I tillegg er ho alt for innsnevra, med store forskjellar frå fylke til fylke, og frå lærar til lærar. Alle elevar bør få eit tilnærma likt tilbod om ei god og heiltheitleg seksualitetsundervisning, der stikkord som kropp, identitet, seksualitet og grensesetjing står sentralt. Ei grundigare og meir heilheitleg seksualitetsundervising vil vere med på å styrke folkehelsa og føre til betre livsmestring.
Videoar på YouTube
I dag møter eg fleire elevar som er misnøgde med seksualitetsundervisninga dei fekk på skulen. Ofte får eg høyre at dei berre såg på videoar på YouTube, fordi læraren syntest temaet var flaut. Eller at dei berre lærte å setja ein kondom på ein banan, og det var det. Seksualitetsundervising er så mykje meir enn berre kondom på banan, og det er på tide at skule-Noreg tilbyr elevane ei god, grundig og heilheitleg seksualitetsundervisning.
Å snakke opent om store spørsmål som angår seksualitet er ikkje alltid lett, og det er forståeleg at nokre lærarar opplev dette som litt ubehageleg, og difor heller skrur på ein forklarande video frå YouTube. Problemet er at som elevar ønsker me lære om eit mykje større tema enn berre samleie, kjønnssjukdommar og prevensjon. Me vil òg lære om grensesetjing, identitet, kropp og kjensler.
Seksualitetsundervisninga må begynne mykje tidlegare enn det den gjer i dag. Ein har ofte ein kort introduksjon av teamet i slutten av barneskulen, før ein på ungdomsskulen skal høyre til å ha ei grundigare seksualitetsundervisning. Ei undervising som diverre visar seg å ha utruleg store lokale forskjellar frå fylke til fylke, og frå lærar til lærar.
Som elev har eg ein draum om at seksualitetsundervisninga skal kome inn i skulegangen så tidleg som mogleg. Eigne og andres grenser er eit tema som er like relevant om ein er 5 eller 15 år. «Men korleis skal eg lære barn om ein slik tematikk?», kan vere eit spørsmål som fleire lærarar har stilt seg sjølv. Og akkurat der stiller Sex og Politikk opp med seksualitetsundervisningsmateriale som er tilgjengeleg og gratis for alle lærarar å bruke.
Sex og Politikks seksualitetsundervisningsmateriale har eigne materiale tilpassa ulike klassar på grunnskulen, og kan brukast i fleire fag. Temaet seksualitet har relevante kompetansemål i fleire ulike fag, særleg i temaet folkehelse og livsmestring.
Grensesetjing
Kjære lærar ved Noregs skular, materiala for ei god seksualitetsundervisning ligg allereie ute, bruk dei! Gje oss elevar ei grundigare og meir heiltheitleg seksualitetsundervisning som lærar oss om grensesetjing, seksualitet, identitet, kropp og kjensler. Dette vil vere med på å fremme trivsel hjå fleire elevar, hjelpe elevar med å finne sin plass og med tida styrke folkehelsa.
Mest lest akkurat nå
De var et av Norges største rockeband. Så raknet det.
Pøbel takker Haaland for påminnelse og svarer på veggen i grisebingen
Du skal lete lenge etter en bedre grillopplevelse enn den du får her
Navnet frigitt etter dødsulykke på Sørlandet
Brukte koronastøtte på 6-retters middag
Er Trump i ferd med å miste grepet?
Aftenbladet anbefaler
Tiril (11) har anoreksi. Flere ganger har hun blitt tvangsflyttet av politi
Politiet gjorde alkoholfunn i konteiner: Butikksjef erkjenner salg av smuglerøl og -sprit
Etter «vaksine-brevet» begynte Heart å føle press. Nå melder hun seg ut av MDG
Flere titalls menn skal ha kjøpt seksualiserte bilder og filmer av den mindreårige jenta