Klepp har ikkje ein jordflekk å ofra til datasenteret!

DATASENTER: Det i god «juleånd» iler politikarane i Klepp til og vil hjelpa naboane sine i Time å hala datasenteret i hamn ved å tilby 140 dekar dyrka jord, men Time har ikkje bede om hjelp, og me har ikkje ein jordflekk å gi vekk.

Me bønder på Jæren skal minne politikarane våre om at det å stele matjord frå komande generasjonar ikkje er akseptabelt. Det er rett og slett flaut. Me veit betre. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

  • Frank Tunheim
    Leiar i Klepp Bondelag
  • Geir Jone Pollestad
    Leiar i Orre Bondelag
  • Jon Tore Refve
    Leiar i Bore Bondelag
Publisert: Publisert:

Medan politikarane i Time møter motbør for å villa ofra matjord for kapitalinteresser, kastar Klepp-politikarane seg inn i debatten. I Stavanger Aftenblad føreslår Høyre, Frp og Ap i Klepp å tilby nabokommunen Time bistand for å sikre at det omstridde datalagringssenter på Kalberg vert realisert. Arealet dei viser til som næringsområde, er 140 dekar dyrka jord.

Ei flau førestilling

Heller enn å fabulera om spillvarmdriven salatdyrking og hummaroppdrett på matjord, bør me heller ha ei kjempesatsing for å trygga og auka kvaliteten på matjorda i regionen. Jæren, Klepp og Time inkludert, har noko av den beste og mest produktive matjorda i heile landet.

Dei vil altså hjelpe sine kollegaer i Time. Men politikarane i Time har ikkje bedt om hjelp. Store protestar og mykje mediemerksemd har tvunge dei folkevalde til å tenke to gonger på korleis dei forvaltar matjorda. Resultatet er at om lag halvparten av Time-politikarane har innsett at matjord er noko av det mest verdifulle me har å gje vidare til komande generasjonar.

Om kommunestyret i Time landar på at dei ikkje vil ofre landbruksareal for datasenter, er det ei sjølvstendig og modig avgjersle. Det er flaut å sjå at politikarane i Klepp ikkje har lært meir av prosessen som har gått føre seg i Time.

Dette handlar om mattryggleik for komande generasjonar. Og ja, det handlar også om sysselsetting. Men kor mange arbeidsplassar eit slikt senter vil gi på sikt, er høgst usikkert. Dei fleste datasenter verda over har få tilsette. Det er eit tankekors.

Ikkje bruk dyrka jord

Les også

Fakkeltog mot datasenter på Kalberg

Me bønder er sjølvsagt ikkje imot arbeidsplassar, men kvifor må arbeidsplassane kome på dyrka jord? Med dagens kunnskap og teknologi kan både energi og spillvarme transporterast akkurat så langt og breitt som me ønsker. Ja, det kostar pengar, men den prisen både må og kan me betale.

Heller enn å fabulera om spillvarmdriven salatdyrking og hummaroppdrett på matjord, bør me heller ha ei kjempesatsing for å trygga og auka kvaliteten på matjorda i regionen. Jæren, Klepp og Time inkludert, har noko av den beste og mest produktive matjorda i heile landet. Å satse på jordbruket er også å satse på sysselsetting. Matproduksjon er ei viktig næring som, inkludert foredlingsleddet, har høg sysselsetting og stor verdiskaping.

Me treng mat

Les også

Datasenteret er gammelmannstanker i en utdatert verden

Utvikling er å sikre at komande generasjonar kan fø sine eigne barn, slik som generasjonar før oss har rydda og dyrka for gjere jorda produktiv og fruktbar for vår generasjon. Me har ikkje eit einaste dekar dyrka jord meir å avstå i Klepp.

Kjære Klepp-politikarar, å trygge matjorda for komande generasjonar er på lang sikt den viktigaste jobben du er sett til å forvalte. Med press frå alle kantar er det heilt avgjerande at du som politikar forstår verdien av matjord. Me bønder på Jæren skal minne politikarane våre om at det å stele matjord frå komande generasjonar ikkje er akseptabelt. Det er rett og slett flaut. Me veit betre.

Les også

  1. Klepp vil tilby eige land i håp om at Time landar datasenteret

  2. Han har bestemt seg. Det blir trolig én stemmes fler­tall for regionens nye data­senter

  3. To lokale bedrifter har dratt inn 327 millioner i arbeid for eitt datasenter

Publisert:
  1. Datasenter

Mest lest akkurat nå

  1. Skattejakt på Ryfylkeøyene: 40 prosent av de med billett møtte ikke opp

  2. Viking bekrefter utenlandsk Bell-interesse

  3. 26 spillere kan forsvinne gratis fra de lokale toppklubbene

  4. Den kinesiske rifleskytteren vekker norske reaksjoner

  5. «Better Call Saul»-stjerne utenfor livsfare etter kollaps under innspilling

  6. – Gøy at kjendiser bruker våre turistikoner på den måten