Regjeringas grunnrentegrep er naudsynt for å kjøla ned økonomien

DEBATT: Omsynet til vårt felles beste ligg bak forlaget om å auka skatten på energiselskapa. Skulle kommunane få store ekstrainntekter, ville dei blitt i stand til å auka utgiftene sine vesentleg. Samstundes må investeringsviljen til energiselskapa ikkje strupast.

Trass i auka skatt på energiselskapa, meiner Seniortanken at selskapa framover også vil tena såpass med pengar, at ein vil kunna investera i nye prosjekt. Bildet viser Blåbergdalen som er del av vasskraftanlegga i Røldal og Suldal som Lyse no har skrinlagt opprusting av.
  • Njål Kolbeinstveit
    Seniortanken
  • Gunnar Berge
    Seniortanken
  • Hjalmar Inge Sunde
    Seniortanken
  • Egil Harald Grude
    Seniortanken
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Regjeringa har varsla at det den vil foreslå auka skatt på energiselskap som Lyse. Eigarkommunane har alt sett for seg veka aksjeutbytte som dermed kjem i fare. Stavanger har nemnt milliard beløp, og dermed ein gigantisk auke i høve til tidlegare år.

Regjeringa har varsla at vi nå må bremsa offentleg pengebruk for å hindra for stort press i norsk økonomi. Norges Bank aukar renta for å minska presset i økonomien og bremsa prisstiginga. Auka pengebruk frå kommunane som følgje av større utbytte frå energiselskapa vil motverka den økonomiske politikken som skal vareta fellesskapets beste.

Les også

Regjeringen vil hente anslagsvis 33 milliarder kroner ekstra fra kraft og laks

Vil framleis tena pengar

Staten har hatt store ekstra utgifter for å redusera den prisen vi betalar for elektrisiteten. At denne kostnaden på staten si hand blir finansiert gjennom auka skatt på energiselskapa nå, er rasjonell økonomisk politikk.

Alternativt måtte staten redusera andre utgifter tilsvarande. Staten sine utgifter er i hovudsak bunden opp gjennom det krav vi har til pensjon og utgifter til organ som samfunnet er avhengig av.

Kommunane vil også ha auka utgifter til energi. Det bør kommunane kompenserast for på ein måte som yter rettferd mellom kommunane. Dei overføringar kommunane årleg får frå staten er ein vesentleg del av kommuneinntektene som skal trygga at dei er i stand til å utføra oppgåvene sine. På statsbudsjettet for 2022 utgjer denne posten 259 milliardar kroner. Dette utgjer kring 70 prosent av den årlege overføringa frå Oljefondet.
Støtte til næringsliv for å motverka auka energiprisar bør skje gjennom staten, slik at det kan skapa mest mogleg like ordningar – uavhengig av om kommune måtte vera ein rik eller ikkje.

Prisen på elektrisitet i Norge er nå ekstremt høg. Den var i fleire år svært låg. I åra som kjem kan vi ikkje gjera rekning med at dette låge nivået skal koma tilbake fullt ut. Det er dermed sannsynleg at energiselskapa vil ha større overskot også etter den nåverande unormale situasjonen.

Les også

Vindkraftkommuner jubler: – Endelig skal det kreves skatt av utenlandske eiere med superprofitt

Mykje å bruka pengar på

At det nå blir innført eit skatteregime som fører ein større del av dette overskotet til statskassen – og dermed fellesskapet – verkar difor naturleg. Skattesystem må utformast slik at det samstundes fremjar – og ikkje hindrar – investeringar som aukar kapasiteten i energiverka. Det inneber at brukarane av elektrisitet må betala den prisen som gjer det tenleg for energiverka å bygga ut ny kapasitet.

Vi har erfaring med eit system for grunnrente for oljesektoren som har gitt fellesskapet enorme inntekter, og likevel gitt både utanlandske og norske oljeselskap sterk vilje til å investera i Norge. Oljeutvinninga er blitt nær tre gonger så stor som Stortinget føresette.

Store utfordringar ventar framover. I åra som kjem må Forsvaret styrkast. Dette skjer samstundes som utgiftene til pensjonistar og eldreomsorg aukar. Skuleverket og utsette grupper gir utfordringar. Det tilseier at vi får behov for ei hardare prioritering. Norge har gjennom mange år vore i ein særstilling som har gitt oss større velstandsauke enn andre. Også i den nåverande situasjonen er vi særs heldige. Dei auka utgiftene vi nå har som privatpersonar blir i hovudsak inntekter for fellesskapet. Det føreset at staten fører ein slik skattepolitikk som regjeringa nå foreslår. At detaljar i dette kan pussast på er normalt i ein politisk prosess, men retninga må ligga fast.

Auka pengebruk frå kommunane som følgje av større utbytte frå energiselskapa vil motverka den økonomiske politikken som skal vareta fellesskapets beste.
Publisert: