FpU svarer ikkje på til­tale: Folke­høg­skulane er ikkje ein barne­hage for vaksne!

Nye stemmer: Det er sant at folkehøgskular har mindre krav i forhold til pensum og læring, men det er nettopp for å gje elevane ein pause til å reflektere over vegen vidare.

Lars Ramsli Søyland, leder I Rogaland KrFU meiner støtta til folkehøgskuleelvane har kome for å bli!
  • Lars Ramsli Søyland
    Rogaland KrFU
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Montgomery Jacobsen og Kristin Lode frå FpU har nyleg svart mitt forsvar av folkehøgskulane. I svaret sitt forsøker dei nok ein gang å bagatellisere viktigheita og funksjonen av folkehøgskulane. I staden for å svare på mykje av den sentrale tematikken kjem dei med ei rekke usaklege angrep mot KrF, som mangel på virkeligheitsforståelse og at me er eit «synkande parti».

Her er de tidlegare leserinnleggene i debatten:

Les også

Å finne seg sjølv skal ikkje finansieres av felleskassen

Les også

FpU møter seg sjølv i døra ved å gjere fiende av folkehøgskulane

Les også

Svarer KrFU: Løse skot frå et synkende parti

Et alternativ

FpU later gong etter gong som om folkehøgskulane ikkje er anna enn ei leikegrind som hindrar folk i å begynne med utdanning. For å sitere Jacobsen så er folkehøgskulane ikkje meir enn «de voksens barnehage». Det vises til at Norge har låge tal når det kjem til høgare utdanning og dette brukast til å underbygge argumentet om at folkehøgskulane er til hinder for at folk skal begynne å studere. Å stille studiar og folkehøgskular opp mot kvarandre blir rett og slett feil! Trur FpU verkeleg at dei som går ut etter eit år med folkehøgskule gjer opp og går over til Nav? Grunnane til at enkelte vel folkehøgskule er i dei fleste tilfelle at dei treng eit år fri frå vanleg skuleløp, gjerne for å finne ut nettopp kva dei skal studere. Eit år på folkehøgskule er eit alternativ til det ordinære skuleløpet – altså ikkje eit alternativ til høgare utdanning!

Det er avgjerande å poengtere at folkehøgskulane har fleire viktige funksjonar! Det er sant at folkehøgskular har mindre krav i forhold til pensum og læring, men det er nettopp for å gje elevane ein pause til å reflektere over vegen vidare. Når det er sagt er det framleis mykje læring og mange erfaringar ein kan ta med seg frå folkehøgskule. På slike skular kan elevar få fordype seg i musikk, friluft, helse, kunst, idrett og mykje meir! I tillegg får elevane vakse og modnast, og dessutan lære om menneskelege relasjonar. Dette er tilbod som ikkje alle føler dei treng, men for dei som gjer det er det utruleg viktig at det finest utdanningstilbod som passar dei!

– Djupt graverande

Jacobsen og Lode bruker også mykje krefter på å poengtere kor få det er som vel å gå på folkehøgskular. Det er noko paradoksalt med å bruke dette som argumentasjon i ein setning når ein i den andre meiner at det er ein for dyr utgiftspost for felleskassen. Det FpU gløymer er at sjølv om det «berre» er ca. 7500 elevar som vel folkehøgskule kvart år, så svarar til det nesten 15 prosent av kvart einaste årskull som fullfører vidaregåande. På ein vidaregåande skule med 500 elevar ønskjer FpU å nekte 75 av desse elevane støtte til sin vidare utdanning. Det er djupt graverande!

FpU prøver også å rettferdiggjere kutta i støtta til folkehøgskuleelevane med at pengane til den auka studiestøtta må kome frå ein stad. Dei meiner at når KrFU foreslår å auke støtta til begge grupper studentar at me ikkje har noko plan for korleis dette skal finansieres, noko som ganske enkelt ikkje stemmer. FpU veit godt at politikk handlar om fordeling, og der FpU ønskjer å gje enorme skatteletter til dei aller rikaste i samfunnet ønskjer KrFU å heller bruke dei pengane på studentar og elevar som elles slit med økonomien sin.

Den norske velferdsmodellen er bygd opp på ein slik måte at alle skal ta imot økonomisk støtte tilpassa sin livssituasjon. Når Jacobsen og Lode ønskjer å kutte i støtta til alle som ikkje vel same retning som dei sjølv undergrev dei heile den norske modellen. KrFU vil alltid sørge for at offentlege pengar skal kome dei som treng det til gode! Ungdom som vil ta eit års pause og finne ut kva dei vil vidare i livet er i høgaste grad dei som treng det! Ein så grunnleggjande fridom som å velje sjølv kva ein vil gjere i livet burde FpU heie fram, og det er skremmande å sjå at dei kan gå vekk frå partiets einaste stødige verdi i saker som dette. KrFU ønskjer alltid å gje ungdommar fridom til å velje sjølv. Støtten til folkehøgskuleelvane har kome for å bli!

Publisert: