Elektrifisering har framleis usikker klimaeffekt

DEBATT: Kan oljeindustrien basere seg på at streng klimapolitikk gjer elektrifisering interessant, samstundes som dette reduserer framtidige inntekter?

Elektrifisering av plattformer er berre eit av fleire tiltak i verktøykassa for å kutte klimagassutslepp. Vi må velje dei klimatiltaka som har størst effekt, med tanke på kostnad.
  • Asbjørn Torvanger
    CICERO Senter for klimaforsking
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

I eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad 23. januar hevdar Berit Tennbakk, partnar i Thema Consulting Group, at kommentator Hilde Øvrebekk i sin artikkel 12. januar tek feil når det gjeld kritikken av Thema sin nye rapport ‘Elektrifisering av olje- og gassektoren – har det global klimaeffekt?’.

I det same debattinnlegget står det at underteikna tek feil når det gjeld fleire av mine innvendingar mot rapporten. Etter invitasjon frå Offshore Norge la eg fram mine kommentarar på møtet der rapporten vart lansert 12. januar, og dessutan i diverse media same dag.

Eg har lest Thema sin rapport grundig og laga eit par rapportar om same tematikk for nokre år sidan. Thema sin rapport er interessant og nyttig, men den blir feilaktig framstilt og tolka som at den endeleg viser at elektrifisering av ein del olje- og gassinstallasjonar i Norge fører til store kutt av karbondioksid i Europa og globalt.

Graden av framtidstru spelar inn

Klimaeffekten av elektrifisering vil framleis avhenge av kva du tek med i analysen og trur om framtida. Det finst ingen fasit på kva du skal ta med i slike analysar, og eit svar i dag kan bli til eit anna svar i morgon. Sjølv om dei politiske ambisjonane om den grøne omstillinga er svært vidløftige i Norge og EU og mange marknadsaktørar trur på dette, er det nok framleis stor uvisse knytt til sjansen for å nå desse måla.

Hovudproblemet med rammene for analysen er at den er for optimistisk med omsyn til kor raskt Europa kan kvitte seg med fossil energi i kraftsektoren og i resten av samfunnet. Dette gjeld spesielt kol som ved forbrenning produserer mest karbondioksid. I dag er det stort sett kolkraft som kan produsere meir når etterspørselen går opp, eventuelt gasskraft dersom gassprisen ikkje er for høg.

På grunn av norsk tilkopling til kraftmarknaden i resten av Europa fører meir elektrifisering i Norge (og EU) til at utsleppa går opp i land med kolkraft. Dette er og vil vere situasjonen lenge framover fordi Europa vil ha eit stort og veksande underskot på stabil fornybar kraftproduksjon. Periodevis vil vi ha overskot på vindkraft, men flaskehalsen er den fossil-basert produksjonen som mest slår inn når det er lite vindkraft.

Sats på noko sikrare

Elektrifisering av plattformer er berre eit av fleire tiltak i verktøykassa for å kutte klimagassutslepp. Vi må velje dei klimatiltaka som har størst effekt i forhold til kostnaden og der effekten er minst usikker. Effektive klimaenergi -tiltak er for eksempel opprusting av norsk vasskraftproduksjon og massiv satsing på energieffektivisering.

Kvifor er ikkje nye og effektive gassturbinar med i analysen, der varmen blir brukt til prosessar på plattforma? Kvifor er ikkje gasskraftverk med karbonfangst med som alternativ til elektrifisering av plattformer? Kvifor skal Norge elektrifisere desse plattformene når vi samarbeider tett med EU i klimapolitikken og kan kjøpe klimakvotar der. Desse er sannsynlegvis billegare og har sikrare klimaeffekt?

Analysen har med eit resonnement om at meir gasseksport til EU vil ha ein ekstra klimaeffekt fordi kvotesystemet i EU vil bli stramma inn ettersom noko kol blir erstatta med gass. Dette kan skje, men effekten er usikker fordi ei slik endring i gassmarknaden berre er ein av mange faktorar som kan påverke kvotemarknaden og klimapolitikken i EU framover.

Hydrogen vil minske klimaeffekten

Eit eksempel på at svaret avheng av kva som er teke med i analysen er at den legg vekt på at meir norsk gasseksport til EU-land ved elektrifisering vil erstatte gassimport frå andre leverandørar, der lekkasjane frå gassrøyra er større enn i norske gassrøyr. Sidan metan er den dominerande komponenten i naturgass, og har ein mykje sterkare oppvarmingseffekt enn karbondioksid, aukar dette den globale klimaeffekten av elektrifisering. Samstundes legg rapporten stor vekt på hydrogenproduksjon for å lagre overskot på energi ved mykje vindkraft, som kan brukast til energi og drivstoff når det er lite vindkraft. Karbondioksid-utsleppa ved produksjon av hydrogen er med i analysen, men klimaeffekten av hydrogenlekkasjar er ikkje med.

Ei stor satsing på hydrogen vil medføre ein del lekkasjar av hydrogen, som ny forsking viser er ein klimagass som har mange gonger større oppvarmande effekt enn karbondioksid, og dette vil redusere klimaeffekten av elektrifisering.

Publisert: