Kolumbus for fylket, men ikkje for folket

DEBATT: Er det vrangvilje, arroganse eller rett og slett manglande kunnskap om lokale tilhøve ute i distriktet som gjer at teori og praksis ikkje går i hop?

Publisert: Publisert:

– Er det slik at visjon, målsetting, organisering og flotte ord bare gjeld i sentrum, og at det heile minkar kvadratisk jo lengre ein kjem bort frå den mest folkerike delen i Rogaland? spør Anne Karin Foldøy Oliversen. Her frå Byterminalen i Stavanger. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Anne Karin Foldøy Oliversen
    Nedstrand

«Kolumbus er organisert som et aksjeselskap. Rogaland fylkeskommune er eier Kolumbus, og vi utfører oppgavene fylkeskommunen gir oss ansvaret for, og 13. juni 2017 bestemte Rogaland fylkeskommune at Kolumbus skal gå frå å være et kollektivselskap til å bli en mobilitetsleverandør. Det innebærer at vi fortsatt skal ha ansvar for buss-, ferje- og hurtigbåttrafikken i Rogaland. I tillegg skal vi jobbe for at tog, sykkel, gange og bildeling henger sømløst sammen med buss og båt slik at folk skal komme seg frå A til Å uten bruk av egen bil. Nøkkelordene er korrespondanse samt individuelt tilpasset og oppdatert informasjon», ref. nettsidene.

Med Stavanger som tyngdepunkt i fylket gjer Kolumbus kan hende ein god jobb, for eigaren, det er jo det eit aksjeselskap skal gjera. Men det kan verka som visjon, målsetting, organisering og flotte ord bare gjeld i sentrum og at det heile minkar kvadratisk jo lengre ein kjem bort frå den mest folkerike delen i Rogaland?

I praksis er det vanskeleg

Nøkkelorda er korrespondanse og ein app, for det er vel det som meines med «individuelt tilpasset og oppdatert informasjon»? Men i praksis er dette vanskeleg:

Bussen skal gå, vannari korrespondansen er det folk opplever i kvardagen. Den som har kontrakten med Kolumbus får mindre bot ved kansellering av ei rute enn om ein prøver å halda ruta, men blir seinare enn ruta seier.
Kolumbus har dårleg korrespondanse med ekspressbussane rundt om. Saudabussen i rute til og frå Ølen skal korrespondera med Haukeliekspressen, men køyrer når ruta seier det, for det kostar pengar å vera etter ruta for den som har kontrakten på køyringa. Dette er tatt opp med direktør Odd Aksland, men han hadde ikkje noko med det å gjera!

Når akkurat ikkje båten

Nedstrand har hurtigbåt frå og til Stavanger 8.55 fem dagar i veka, men bussen frå Amdal er slik sett opp at ein akkurat ikkje når denne eine båten ein har til byen.

Sauda ber om båtruter til Stavanger, og svaret er bussruter til Haugesund, då dette er meir kostnadseffektivt (billegare), hurtigbåt er dyrt får me høyra.
Men Judaberg har hurtigbåt til byen heile dagen, sjølv om dei er landfaste og kunne hatt bussruter kvar time, som jo er meir kostnadseffektive, for Kolumbus og fylket.

På Utsira var dei utan båt ei stund og ein pendlar ringde Kolumbus om når dei kunne venta seg og få denne att. Svaret var at om han ikkje var nøgd med tilbodet kunne han berre flytta!

Publisert:

Les også

  1. – Nei til innføring av ombordtillegg på buss

  2. 405 millionar i krisepakke til Rogaland

  1. Debatt
  2. Kollektivtransport
  3. Kolumbus
  4. Rogaland fylkeskommune