Vindkraft-raseringa – «Stopp nå!»

DEBATT: Vindkraftindustrien raserer heimane våre, – ja, det er fjellheimane våre, ikkje einskilde tilfeldige grunneigarar sine, det er vår felles fjellheim.

Publisert: Publisert:

No står Vardafjell for tur, eit populært turområde sentralt i Sandnes kommune. Foto: Jarle Aasland

Debattinnlegg

  • Gustav Tengesdal
    Lektor, Fagskolen Rogaland, tidl. førsteamanuensis ved Institutt for matematiske realfag og teknologi ved UMB

Knaus for knaus vert sprengd ned til oppstillingsplass for monsterturbinar. Breie anleggsvegar vert lagde gjennom lier og over fjell. Kva vert nå att av Stølsheimen og Melderskin? Skal dette berga oss frå undergangen, skal dette berga Maldivane frå å søkke i havet? Nei, det gjer ikkje det.

Les også

Hilde Øvrebekk: «Vindkraft-fiaskoen alle kunne ha stoppet»

Forgjorde av fikse ideear

Folk er rasande no, folk er opprørte, dei er sinte, nokre gret. Dei opplever at framande kjem og øydelegg heimane deira. Det er ikkje alle som vil stå fram på Facebook eller kor det nå er. Vi opplever dette som eit forferdeleg overgrep mot oss som bur her ute mellom fjella.

Ja, vi las i avisa at det skulle byggast vindkraft på heia sør for oss. Så fann vi ut at fem store planlagte turbinar kom til å ta sola frå oss i periodar. Blinke og bråke resten av tida. Utan at vi som naboar hadde fått noko varsel. Ja, det er visst lovleg, men vi opplever det som svært provoserande.

Nå sa heldigvis NVE først nei til dette anlegget, men minister Søviknes i OED, instruerte NVE om å endre innstillinga. Men, diverre for Søviknes, så er ikkje kablane som går over heia store nok til å ta unna all straumen, så det går ikkje likevel. Enn så lenge.

Men det gjeld jo ikkje Vardafjell her vest for oss, der er dei i full gang. Dei har utvida og utvida anlegget, utan at det er gjort noka ny utgreiing. Kommunen har protestert, Rogaland fylke har protestert, Fylkesmannen i Rogaland har protestert, bygdefolket har protestert. Og Motvind har gått til retten, men ingen ting nyttar; domstolen vågar ikkje å setje seg opp mot NVE og OED.

Her er det diverre eit nær samla Storting frå venstre til høgre, og fleire regjeringar, som har gått frå vitet. Dei er forgjorde av fikse ideear om eit grønt skifte. Meir naturøydelegging skal berga oss frå den øydelegging som alt er gjort. Dette skal liksom berge verda frå katastrofen. Men det gjer ikkje det, tvert om så gjer det alt verre. Når ørnene vert klipte tvert i to. Når urørt fjellheim vert gjort om til støyande industriområde. Når myrane vert drenerte. Når folk får heimane sine øydelagde av noko så meingslaust som dette, – ja, så må regjeringa skjøna at det er på tide å ta rev i seila.

Les også

Jørg Arne Jørgensen: «Er hyttebygging en større trussel mot natur og landskap enn vindkraft?»

Eit underleg avgiftssystem

Treng vi denne straumen? Tja, vi har i mange år eksportert ein god del vasskraft. Men det som skjer nå, er jo at Hydro aluminium, og andre aluminiumsprodusentar, aukar produksjonen fordi det er så mykje billeg straum tilgjengeleg. Det hadde dei neppe gjort utan all denne nye vindkrafta.

Men dette er jo underleg: Først skal vi vanlege straumbrukarar betale ekstra for grøne sertifikat som subsidierer produksjon av vindkraft, og så skal vi subsidiere overføringkablar over nettleia, og deretter skal vi subsidiere Hydro sine nye smelteomnar for å ta unna all denne nye krafta.

Enova gav jo halvannan milliard til Hydro Karmøy for at dei skulle bygge nye aliuminiumskokarar som skal bruke meir straum enn heile Haugalandet. Dette er altså elavgift vi betaler til Enova for at dei skal hjelpe oss å bruke mindre straum, og så går pengane til Hydro for at dei skal bruke meir straum!

Les også

Tommas Torgersen Skretting: «Hvorfor skal vi gi Vardafjell til et fransk pensjonsfond?»

«Stopp nå!»

Nå må nokon syne handlekraft og seie «Stopp no!» Oberst Eriksen på Oscarsborg hadde eit vanskeleg val, det var ingen minister å rådføre seg med. Men han sa «Nei, Stopp nå!». Sjølvsagt med store konsekvensar. Og det får det jo også om regjeringa seier «Stopp nå!» til vindindustrien. Men det er det einaste rette. Nå må Storting og regjering ta ansvar og seie «Stopp no!».

Hadde ikkje oberst Eriksen på Oscarsborg synt handlekraft den natta, så hadde historia om krigen i Noreg vore heilt annleis. Hadde ikkje Eriksen teke ansvar, kunne ikkje kong Haakon seinare sagt «Nei, nei, nei» til tyskarane.

Det vi opplever nå er ei regjeringa som seier «ja, ja, ja» til tyskarane sine ønske. Dei vil gjerne investere i landet vårt, vil gjerne ha subsidiene Ola Borten Moe lova dei, vil gjerne levere monsterturbinar og vil gjerne ta med seg profitten ut av landet. Men legg merke til at dei ikkje tillèt bygging av slike industrikraftanlegg i sine eigne fjell. Sveitserane vil heller ikkje ha turbinar på fjelltoppane sine. Men reint samvit vil dei gjerne kjøpe seg, – så våre fjell er de greitt nok å ta.

Hvis ikkje Storting og regjering kjem til sans og samling og bremser opp litt her nå, så er eg redd for at dette kan gå verkeleg gale. Dette er ei rasering av heimane, – ja, det er fjellheimane våre, ikkje einskilde tilfeldige grunneigarar sine, det er vår felles fjellheim, vår felles klode. Og då må vi verna det vesle vi har att av urørt natur.

Les også

Erik Larsen: «Kjære folkevalgte og vindkraft-cowboyer, det er nok nå – vi har gjennomskuet dere»

  • Sjå utbygginga av Vardafjell frå lufta:
Publisert:

Vardafjell-utbyggingen

  1. Sandnes skjerper støy­kravene – Varda­fjellet Vind­kraft protesterer

  2. Konstant støy, ingen tv-signal og et ødelagt turområde

  3. To advokatfirmaer i sving: Dette er Motvind-konflikten

  4. Sandnes-poli­tikar om Wiraks vindkraft­avtale: – Eg trudde vi stod samla mot vind­kraft

  5. Wirak: – Det bor ikke et eneste menneske der vindmøllene skal være. I Sandnes ligger de tett på folk

  6. - Nå snurrer vindturbinene på Vardafjell: - Endelig får folk se det ferdige resultatet

  1. Vardafjell-utbyggingen
  2. Vindkraft
  3. Enova
  4. Kraftproduksjon
  5. Hydro aluminium