Bygda fungerer, Aftenbladet

DEBATT: Aftenbladet har begynt å kjøra kommunereformdebatt igjen – dvs. avisa manar til nye samanslåingar.

Publisert: Publisert:

«Me greier oss ganske bra, synest me, og me trivst ganske bra med å ha det slik. Rettnok brukar kommunen halvannan gong så mykje pengar per innbyggjar på administrasjon, skule, kultur og sosiale tenester samanlikna med landsgjennomsnittet. Men så hentar også storsamfunnet ut store verdiar or kommunen», skriv Tore Thorsen frå Jelsa. Foto: Jon Ingemundsen

Debattinnlegg

  • Tore Thorsen
    Jelsa
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

«Dere», skriv leiarskribenten, og meiner dei mindre herada i Rogaland, «bør tenke godt igjennom hvordan dere har det.» (18/5). Like før refererer avisa kommunalminister Monica Mæland: Småkommunane i Rogaland, og iallfall alle med mindre enn 5000 innbyggjarar, må først som sist gjera seg klare for nye samanslåingsbølgjer.

La planane på is

Eg las nettopp ein artikkel i eit finsk blad. Der i landet forsøkte regjeringa seg på ei storstilt kommunesamanslåing for sju-åtte år sidan, men la planane på is då den merka den sterke lokale motstanden. Men i Finland er reiseavstandane korte, og mange rikspolitikarar i nabolandet er ennå av den meining at småkommunane bør innlemmast i nærmaste by.

Antti Tuuri heiter artikkelforfattaren, tidlegare vinnar av Nordisk Råds litteraturpris. Han bur store delar av året i ei lita kystbygd i Østerbotten, og i teksten sin fortel han korleis han opplever livet i det litle bygdesamfunnet.

«Me» forsyner for eksempel halvannan by av Oslo sin storleik med elektrisk straum, det er å ta forsiktig i.

Skulen, posten og butikken er viktige. Då krambua blei lagd ned, danna bygdefolket aksjeselskap, kjøpte lokalet og leigde det ut til ny kjøpmann. Ein liten kafe nedmed hamna tilbyr kortreist mat som i kvalitet ikkje står tilbake for dei mest eksklusive restaurantar i hovudstaden, påstår han. Lokale firma stiller med fagutdanna handverkarar og annan ekspertise over eit breitt felt; bestillingsfristane er korte og arbeidsfolka dyktige og pålitelege. Dersom byggherren ikkje hugsar på alt, så gjer entreprenøren merksam på det, for å hjelpa til. Folk kjenner kvarandre og lit på kvarandre. Eit ord er eit ord.

Les også

Disse kommunene i Rogaland er for små

Greier oss ganske bra

Her i min Ryfylke-kommune med under 5000 innbyggjarar kjenner eg meg igjen i skildringa til Tuuri. Slik dei har det i Molpen-bygda i Nord-Finland, slik har me det her hos oss også. Me greier oss ganske bra, synest me, og me trivst ganske bra med å ha det slik. Rettnok brukar kommunen halvannan gong så mykje pengar per innbyggjar på administrasjon, skule, kultur og sosiale tenester samanlikna med landsgjennomsnittet. Men så hentar også storsamfunnet ut store verdiar or kommunen. «Me» forsyner for eksempel halvannan by av Oslo sin storleik med elektrisk straum, det er å ta forsiktig i.

«Bygda fungerer», er tittelen på stykket til Tuuri. Han er med åra blitt meir og meir overtydd om at det å utvikla og støtta livet i små samfunn er viktigare enn å gjennomføra store kommunereformer. Politikarar, økonomar og interessegrupper fortel om svære fordelar med å slå isaman små einingar til store. Svaret blir meir diffust når dei skal forklara konkret kva det er å vinna, og kven som i så fall vil vinna mest. Tuuri for sin del skulle håpa at «dei som bestemmer» ville sjå meir på korleis dei kan hjelpa til med å få dagleglivet i mindre samfunn til å fungera endå betre. Viktigare enn større einingar er mindre, livskraftige, trivlege bygdesamfunn.

Interessemotsetnader

Så langt Tuuri. Her i Rogaland er dei godt i gang med å innlemma småkommunar i nærmaste by, trass i at desse kommunane ikkje ligg i byens nærområde, for å seia det forsiktig. Her også går det an å spørja: Kven sine interesser vil samanslåingane tena mest? Det vil bli tyngre og tyngre for små, utflyttingstruga kommunar å halda oppe standarden, åtvarar Aftenbladet. Kanskje det – iallfall dersom storsamfunnet ikkje lenger er interessert i at dei små skal eksistera. Folk i dei framtidige satellitt-bydelane i Stavanger og Sandnes håpar nok på å få del i alle fordelane det blir snakka om. Det håpar eg også, for deira skuld. Men etter som tida går vil det nødvendigvis melda seg interessemotsetnader mellom utkant og sentrum. Då er eg redd for at folket i provinsen skal få merka kor makta ligg.

Publisert:

Les også

  1. Leder: Flere kommuner må slå seg sammen

  2. Regionreformen reddet: KrF og regjeringspartiene enige om oppgavene

  3. Forsand sa ja til Strand - vil slå seg sammen med naboen

  4. Nye Stavanger: Honorarhopp for kommunestyret

Mest lest akkurat nå

  1. Kvinne i 70-årene døde etter badeulykke ved Mandal

  2. – Hurtigruten er selve symbolet på det nye Norge: Luksus på øvre dekk, fattigdom og frykt hos de som driver maskineriet

  3. Slik sjekker du om barnet ditt kan gå i barnehagen eller på skolen

  4. Trafikken går som normalt igjen på E39

  5. Beskjeden fra legen fikk Thore (56) til å endre livsstil. Slik unngikk han diabetes.

  6. I november kan du ta selvkjørende buss i Stavanger sentrum

  1. Debatt
  2. Kommunereform
  3. Jelsa
  4. Regionreform
  5. Distriktspolitikk