Tru, håp og kjærleik for alle

DEBATT: Korleis kan Solveig G. Sandelson i Aftenbladet 30.8. meina at kandidatar på Åpen folkekirke si liste ikkje er «blant vanlege folk som brukar kyrkja mest» eller er mindre opptekne av «kvardagslivet i kyrkja»?

Publisert: Publisert:

«Det er berre Åpen folkekirke som har forplikta alle sine kandidatar på eit standpunkt som gir lik vigselsrett til likekjønna», skriv Helge Kristoffersen. Foto: NTB scanpix

Debattinnlegg

Helge Kristoffersen
Styremedlem, Åpen folkekirke
Les også

Solveig Sandelson: Har de tatt litt for mykje tran, Åpen folkekirke?

Alle som stiller til val i kyrkjevalet vil ha ei kyrkje for alle. Sjølv den konservative Bønnelista ynskjer kristne av alle seksuelle legningar velkomne til kyrkja. Men det er berre Åpen folkekirke som har forplikta alle sine kandidatar på eit standpunkt som gir lik vigselsrett til likekjønna. Det er berre Åpen folkeirke som forpliktar alle kandidatar på at både «klassisk» og «liberalt» syn skal aksepterast.

Veljarar som vil at kyrkjevalet skal handle om sak, bør røyste på ein organisasjon med eit program.

Seig debatt

Eg håpar og trur at Solveig G. Sandelson har rett i si analyse i Aftenbladet fredag 29. august. Å opna opp for likekjønna ekteskap i 2017 var krevjande for heile Den norske kyrkja (Kyrkja). Mange valde å slutta seg til frikyrkjer med klassisk syn. Mange gler seg over ei Kyrkje som har vorte meir relevant. Trass i at dei fleste medlemmane i Kyrkja er komfortable med situasjonen i dag, er debatten seig.

Hadde Kyrkja, som elles i politikken, berre hatt lister med ferdige program ville det vore mogeleg med meiningsmålingar om kva politikk som hadde fleirtal. Men Kyrkja si største liste, Nominasjonskomiteen, har ikkje noko program. Kandidatane er ikkje bundne av anna enn si eiga overtyding. Men korleis kan Solveig G. Sandelson meina at kandidatar på Åpen folkekirke si liste ikkje er «blant vanlege folk som brukar kyrkja mest» eller er mindre opptekne av «kvardagslivet i kyrkja»?

Alle listene i kyrkjevalet er varierte med omsyn til geografi, kjønn og alder. Alle kandidatane er medlemmer av Kyrkja og vil binda seg til å vera aktive dei neste fire åra. Kan ein krevja noko meir av kandidatane? På ei personliste, som nominasjonskomiteen si liste, er det difor viktig å kryssa av for den ein likar best. Kumuleringa vil berre få utslag om 5 prosent av dei som røyster på lista, gjer det same. På dei lukka sidene til Frimodig kirke vert det delt informasjon om kandidatar med klassisk ekteskapssyn. Veljarar som røyster på Nominasjonskomiteen si liste stør mange ulike meiningar og mange flinke folk. Men veljarane kan enda opp med å stø ei liste som der fleirtalet av kandidatane kan ha synspunkt dei er heilt imot. For nokre veljarar er det viktig å vite at fem av dei sju øvste kandidatane på Nominasjonskomiteen si liste står for klassisk syn på ekteskapet.

Neppe ei ulykke

Veljarar som vil at kyrkjevalet skal handle om sak, bør røyste på ein organisasjon med eit program. Det er heller ikkje vanskeleg å setta seg inn i kva listene meiner. Programma til Bønnelista og Åpen folkekirke er til saman kortare enn personpresentansjonane på Nominasjonskomiteen sine heimesider. Solveig G. Sandelson har rett i at det å vera aktiv i Kyrkja skal telja noko ved valet, men bør det tella alt? Det er på Åpen folkekirke du finn flest kandidatar som tek attval til bispedømmerådet. Skulle ein kome i den situasjonen at det snik seg inn eit medlem i bispedømmerådet, som ikkje har slitt kyrkjebenkene så mykje, er det neppe ei ulykke. For det er ikkje desse benkeslitarane som utgjer det store fleirtalet av medlemmer i Kyrkja. Kyrkja er tru, håp og kjærleik for alle!

Les også

Helge Kristoffersen «Visste du at kirkevalget kan bli avgjort av små, lukkede nettverk?»

Les også

Einar O. Iversen: «Kirkevalget bør handle om Kirkens framtidige organisering – som er det virkelig store spørsmålet nå»


Publisert: