Tydelig KrF-stempel det siste året

DEBATT: 22. januar er det eit år sidan KrF gjekk inn i regjering. Viktige gjennomslag set eit tydeleg KrF-stempel på regjeringa sin politikk, som det kanskje ikkje er lett å oppdage, for dei det gjeld snakke ikkje høgast om det.

Publisert: Publisert:

«Foreldre som ventar barn med særlege behov, skal få lovfesta rett til koordinatorar allereie under svangerskapet», skriv Anne Krisin Bruns. Foto: Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

  • Anne Kristin Bruns
    Medlem i utvalg for helse og velferd, Stavanger, (KrF)
  1. Leserne mener

«Veit du at det å få ei dotter med Downs syndrom var lite i forhold til den kampen vi som foreldre har hatt med systemet for å få den rette hjelpa, rett skulegang og gode aktivitetar/jobb og bustad for dotter vår.» Dette seier ei mor eg nyleg møtte.

Dette er ei sak KrF har fremma i ulike utval både lokalt og sentralt. Gjennom KrF si likeverdsreform vil ein sørgje for at pårørande får støtte og avlastning. Foreldre som ventar barn med særlege behov, skal få lovfesta rett til koordinatorar allereie under svangerskapet. For meg som helsepolitikar i Stavanger, er dette svært gode nyheiter.

Familiar skal sleppe belastninga

I tillegg er det kanskje mange har som lese om guten Ask som har Downs syndrom. To gonger i året måtte foreldra få stadfesta at han faktisk framleis hadde Downs for å få den logopedhjelpa han hadde krav på. Familiar skal sleppe denne unødvendige belastninga. KrF har fått gjennomslag i regjering for å sende på høring forslag til korleis vi kan forenkle dokumentasjonskrava for familiar i
liknande situasjonar. Dette er en viktig siger både for barnet og foreldra.

I fleire år har eg kjent Arne Viste, ein god ven. Hans pågangsmot til eit meir rettferdig system for ureturnerbare asylsøkjarar, har fått stor merksemd i alle media denne hausten. Det starta med at han blei kjend med ein familie som var i ein fortvila situasjon. Situasjonen for dei ureturnerbare asylsøkjarane, er ikkje løyst, og vi må jobbe vidare saman med Viste og mange andre, men i regjeringsplattforma fekk KrF i første omgang gjennomslag for ei eingongsløysing for eldre ureturnerbare asylsøkjarar, som hadde meir enn 16 års opphaldstid i Noreg. Desse menneska har altfor lenge hatt livet sitt på vent, og KrF har derfor kjempa for ei løysing som gjev flest mogleg ei meir føreseieleg framtid og moglegheit til å bli fullverdig del av det norske samfunnet.

Les også

200 i støttemarkering for Arne Viste

Les også

Historien om David og Goliat fikk Arne Viste opp på barrikadene

Stor siger

Rett før jul 2019 vart regjeringa einige om ein avtale som inneber at personar som har ein samla alder og opphaldstid i Noreg som utgjer totalt 65 år (innan 1. oktober 2021) og over, vil få opphald i Noreg. Dette vil gi opphald til fleire enn det som var utgangspunktet for Granavolden. Det vil i praksis bety at ein som i dag er 47 år og har vore i Norge i 14 år, vil kvalifisere innan 2021. Samtidig vil det bety at menneske som har lang opphaldstid, men er unge også vil kunne få opphald. Dette er en stor siger for dei menneska dette vil gjelde og for KrF, og vi vil halde fram å jobbe for at fleire i denne gruppa skal få eit verdig liv her.

Det handle om menneskeverdet , enkeltfamiliar og enkeltmenneske sin situasjon på ulike måtar i vårt samfunn. Vi treng eit sterkt KrF og eit sterkt verdiparti i Noreg.

Publisert: