Det er Frp’s politikk som skaper sosiale forskjellar

DEBATT: I eit innlegg i Aftenbladet 27. mai forklarer Christian Wedler (Frp) den kraftige auka av barn i låginntektsfamiliar hovudsakeleg med auka innvandring. Blikket bør heller rettes mot eigen politikk.

«Utviklinga av aukande forskjellar mellom folk og veksande barnefattigdom, er i stor grad eit resultat av den politikken Frp har støtta på nasjonalt og lokalt nivå», skriv Dag Mossige og Jan Ole Rød.

Debattinnlegg

  • Dag Mossige
    Varaordførerkandidat, Stavanger Ap
  • Jan Ole Rød
    Bystyrekandidat, Stavanger Ap
Publisert: Publisert:
Les også

Christian Wedler: Frp vil hjelpe barn i lavinntektsfamilier

iconDenne artikkelen er over to år gammel

Arbeidarpartiet ser med stor uro på at Stavanger er den byen i landet der dei sosiale ulikskapane har auka mest dei siste åra. Me går derfor til val på eit offensivt program for å redusera dei sosiale skilnadene, der auka rammer til Stavanger-skulen, gratis skolemat, og ein sosial bustadpolitikk står sentralt.
«Ulikheten har økt de siste årene; først og fremst fordi familiene med de største inntektene har økt sin andel av totalformuen», slo SSB fast i 2018. Dei 10 prosent rikaste eigde i 2016 58 prosent av all formue – mot 51 prosent i 2013 då Solberg-regjeringa blei danna. I den andre enden blir det fleire fattige: Over 106.000 barn (10,7 prosent av alle under 18 år) bur i familiar med vedvarande låg inntekt. I Stavanger er det nå 3000 barn som lever slik.

Reine ord for pengane

Utviklinga av aukande forskjellar mellom folk og veksande barnefattigdom, er i stor grad eit resultat av den politikken Frp har støtta på nasjonalt og lokalt nivå. Når regjeringa gjer skattekutt på 25 milliardar kroner til dei som har mest frå før, blir resultatet at forskjellane mellom folk aukar. Frp vil i programmet sitt gå endå lengre enn Solberg-regjeringa. Partiet har programfesta flat beskatning; alle skal betala same prosentsats uansett inntekt. I partiprogrammet før valet i 2013 blei dette grunngitt slik: «Det er ikke en naturlig offentlig oppgave å utjevne lønnsforskjeller som oppstår i arbeidsmarkedet». Dette er reine ord for pengane.

Frp meiner vidare at meir av statens inntekter skal komma gjennom avgifter og kutt som rammar alle likt; altså dei som har minst blir hardast ramma. Hittil har partiet i regjering fått gjennomslag for å kutta over 15 milliardar som rammar folk flest, mens avgiftene aukar kraftig – over 6.6 milliardar berre frem til februar 2018.

Wedler og Frp stemte mot

I Stavanger foreslo venstresida i sitt budsjett for 2019 å prioritera 10 millionar kroner for at auka barnetrygd ikkje skulle føra til redusert sosialhjelp for dei fattigaste familiane. Dette forslaget, som ville ha gjort ein forskjell for dei vanskelegast stilte barna, stemte Wedler og Frp mot. Den 17. juni har bystyret sitt siste møte før valet. Saka «Plan for inkludering av barn i lavinntektsfamilier 2019–2022» skal behandlast. Arbeidarpartiet, SV, MDG og Raudt vil her foreslå ei kraftig opptrapping, og vil bruka nær 80 millionar meir enn Frp på tiltaka i planen, alt med full budsjettinndekning. Her finnest også sårt tiltrengde midlar til Stavanger-skulen. Me inviterer fleire parti til å slå følgje.

Les også

  1. – Frp vil hjelpe barn som vokser opp i lavinntektsfamilier

  2. – Ap svartmaler barnefattigdommen i Stavanger

  3. Barnefattigdom: – Urovekkende ansvarsfraskrivelse fra Høyre

  4. – Forstår ikke Høyre begrepet barnefattigdom?

  5. – Skuffende forutsigbart om barn i lavinntektsfamilier av Ap

  6. Historisk løft for barnefamiliene

  7. SSB-forsker: Siv Jensen tar feil om hovedårsaken til barnefattigdom

  8. Barnefattigdom kan true velferdssamfunnet

  9. Vår kamp mot barnefattigdom fortsetter

Publisert:
  1. Debatt
  2. Stavanger Ap
  3. Dag Mossige
  4. Christian Wedler
  5. Solberg-regjeringen

Mest lest akkurat nå

  1. Slik ble gjenåpningen feiret i Fargegata: - Endelig!

  2. Politiet om den første utelivsnatten: - Lenge siden vi har hatt det så travelt

  3. Denne nye hallen til 115 millioner har alt du kan tenke deg

  4. – Velkommen tilbake!

  5. De mener bildet er verdt millioner, og har kjempet i flere år for å få det slått fast. Til nå har de bare møtt mot­stand

  6. MC-fører tatt i 160 km/t i 60-sone