Veksten på Jæren må dempast

«Me veit me kjem til å trengja all dyrka jord me har i framtida, kanskje også på kort sikt når me ser kva som skjer i verda i dag», skriv Dag Raustein.
  • Dag Raustein
    Dag Raustein
    Leiar, Jordvernforeningen i Rogaland
Publisert: Publisert:
iconDebatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetssikret av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

DEBATT: I Aftenbladet av 9. mars er det ein reportasje med overskrifta «Høyretopp i Stavanger frykter statlige arbeidsplasser glipper for Stavanger». Det er ordførarkandidat Sissel Knutsen Hegdal (H) som målber denne frykta. Stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) prøver å roa dette ned.

I Jordvernforeningen i Rogaland har me nok eit anna syn på saka, eit syn me har framført i vår høyringsfråsegn til den nye jordvernstrategien som regjeringa nå arbeider med.

Me som har følgt utviklinga på Jæren i over 50 år, sidan oljeverksemda blei etablert her, har i alle desse åra vist til dei uheldige sidene ved at folkeveksten her i området har lege på, eller over, det doble av landsgjennomsnittet. Her midt i det beste matfatet i Norge. Veksten har vore svært uheldig sett med lokale auge, med tanke på nedbygging av enorme areal høgproduktiv jord. Og det har ikkje minst vore usolidarisk i høve til resten av landet som så veks mindre enn gjennomsnittet, eller endåtil har negativ vekst.

På Jæren er det i den omtalte perioden bygd ned minst 40.000 dekar jordbruksareal, tilsvarande halvannan gong totalarealet for Randaberg kommune, eller meir enn heile jordbruksarealet i Sola.

I vår høyringsfråsegn til Landbruksdepartementet til ny jordvernstrategi har me innstendig bede om at det anten blir sett inn positive tiltak for å styrkja andre område, eller om nødvendig, negative tiltak for området vårt for å få ein meir balansert vekst i heile landet.

Me veit me kjem til å trengja all dyrka jord me har i framtida, kanskje også på kort sikt når me ser kva som skjer i verda i dag. Så får det våga seg at «dei Stavanger» syter over å ikkje få alt dei ber om.

Publisert: