Pedersgata si utvikling
DEBATT: Pedersgata si utvikling er ikkje det same som bedrifta Pedersgata Utvikling AS, eller er det? I så fall har me eit demokratisk problem.
Debattinnlegg
- Sigmund TragetonNabo

I over 20 år har eg vore stolt nabo til Pedersgata, og då eg kjøpte huset i Bratteberggata var eg yr av glede over alle moglegheitene som fanst i dette huset frå 1885. Vegg i vegg låg Pedersgata 69 med Skiltmaler T. Bjørnsen og i andre etasje budde søstrene Hanasand som dreiv pianoundervisning.
Då eg totalrenoverte huset for 10 år sidan, leita eg i gamle arkiv for å finna originalteikningar og ev. bilde av korleis huset hadde sett ut.
I motsetning til Børge Kallesten (19.4), seksjonssjef byggesak i Stavanger kommune, som skriv at Pedersgata var «et litt slitent område», syntest eg det var originalt og spennande. Og eg var ikkje aleine. Utover 2000-talet var det mykje banking, saging og maling i nærområde og det som kjennetegna oppussinga, var at det blei gjort av huseigar, eventuelt med god hjelp av slekt og vener. Dei fleste som kjøpte hus i område, hadde ein kjærleik til trehus og pussa opp for å bu der sjølv. Det var dette som var Pedersgata si utvikling, altså noko heilt anna enn bedrifta Pedersgata Utvikling.
Reguleringsplanar
Då eg totalrenoverte huset for 10 år sidan, leita eg i gamle arkiv for å finna originalteikningar og ev. bilde av korleis huset hadde sett ut. Eg fekk hjelp av ein arkitekt til å søka kommunen og hadde eige møte med byantikvaren der det blei understreka kor viktig det var å følgja eksisterande reguleringsplan og vern av trehusbebyggelsen. Desse reguleringsplanane bryr bedrifta Pedersgata Utvikling seg lite om.
Voldsom utvikling
Kallesten (19.4) skriv i sitt innlegg at det har vore ei «voldsom utvikling» av Pedersgata det siste tiåret. Der er eg heilt einig i, voldsom er det rette ordet til å skildre det som har skjedd. Når eg Skjærtorsdag får nabovarsel frå Pedersgata Utvikling AS, er reaksjonen min og ganske voldsom. Den «utviklinga» mange naboar i Pedersgata har blitt utsett for, er no komen til mitt kvartal. Det er då eg skjønar er at bedrifta Pedersgata Utvikling ikkje er interessert i ei utvikling til beste for naboane. Her skal det byggast fort, høgt og tett. Eit «Fondmotiv» kallar dei det i søknaden. Eg må google: «Et fondmotiv er et arkitektonisk eller byplanmessig grep som framhever slutten av en akse. F.eks. slottet i enden av Karl Johans gate i Oslo». Då seier det seg sjølv at ein ikkje kan ta smålege omsyn som en «utdatert reguleringsplan». Her skal ein ha fem etasjar, fire over gateplan, glashus på toppen med Storhaugs finaste utsikt. På gateplan blir det uteservering, sjølv om Storhaug åpen barnehage ligg vegg i vegg.
Monopol og demokratisk problem
Ein kan jo fort argumentere med at Kjetil Fred Hansen (jmf. innlegg 14. april) og eg er sure naboar som lever i ein sentimental utopisk drøym, og at me ikkje vil ha noko utvikling. Men eg vil påstå at me bryr oss på ein heilt annan måte om Pedersgata si utvikling. Det demokratiske problemet oppstår når bedrifta Pedersgata Utvikling kjøper opp alle husa i gata slik at den normale motstanden ein slik utbyggar hadde fått, snart ikkje vil eksistere lenger. Ifølge E24 sit no Anders Ohm på over 20 eigedomar i Pedersgata. Men det finst vel ein bebuarforeining, eller velforeining som kan tala naboane sin sak, tenker du kanskje? Ja, det finst. Pedersgata velforeining heiter den, det er berre det at den er starta, styrt og drive av … Pedersgata Utvikling AS.
Les også
Mest lest akkurat nå
Joker Sinnes må holde stengt ut dagen: – Passer ekstra dårlig denne helga
Stavanger dropper inkassogigant: – Vil ikke legge ytterligere belastninger på de som alt har det verst
22-åring fra Bryne mistet livet i togulykke
Viking-spilleren hinket av treningen - Løkberg friskmeldt
Klar for superduell: – Ekstra spent
Ny koronatest kan vise hvor god beskyttelse du har
Aftenbladet anbefaler
Mest debattert
Det må være mulig å finne en løsning der det ikke er strømkundene som må ta også denne regningen
Viking fikk drømmestarten - så falt de sammen i skuffende kamp
Unge Venstre vil fjerne kristne helligdager
Gaute Holmin er ofte utrygg når han sykler. Tre risikosituasjoner for syklister – og reglene som gjelder.