Meir pengar til hurtigbåt med Venstre i regjering

DEBATT: Venstre sin næringsminister Iselin Nybø har saman med regjeringa sørga for meir pengar til hurtigbåtane i Rogaland.

Folk er avhengig av å nytta båten for å koma seg til arbeid og skule i Rogaland. Foto: Jan Inge Haga

Debattinnlegg

  • Unni Fuglestad
    Gruppeleiar i Rogaland Venstre
Publisert: Publisert:

Eg ønskjer å takka næringsministeren og regjeringa for å ha høyrt på tilbakemeldingane frå Rogaland. Løyvingane som no kjem bidreg til eit godt hurtigbåttilbod for heile fylket.

Uakseptable kutt

I 2018 vart det vedteke endringar i fordelingsnøklane for hurtigbåt av Stortinget. Endringane betydde store kutt for Rogaland. Kutta var uakseptable for Rogaland Venstre frå første dag, og me gjekk umiddelbart i gang med å få endra kriteria. Allereie i desember 2018 vedtok landsstyret i Venstre ei fråsegn om å arbeida for å endra finansieringa av båtruter, for å sikra at fylke med reelt behov for båtruter, som Rogaland, kan behalda tilbodet.

Rogaland er eit stort fylke der folk bur langs heile kysten, på øyer og langs fjordane våre. Rogaland er heilt avhengig av gode forbindelsar med hurtigbåt for at ein skal kunne bu og arbeida i heile fylket. Folk er avhengig av å nytta båten for å koma seg til arbeid og skule.

33,5 millionar ekstra

Den føreslåtte endringa i fordelinga av midlar mellom fylka har vore urettferdig. Mellom anna har lengda på kysten vore viktig for kor mykje pengar fylka skulle løyvast. Venstre og regjeringa gjorde i begynninga av året endringar i forslaget. Då fekk Rogaland i første omgang 17,6 millionar meir.

Når kommuneproposisjonen vart framlagd tidlegare i mai, var det ei stor glede då Iselin Nybø kunne annonsera at Rogaland får nærare 16 millionar på toppen, totalt 33,5 millionar ekstra til Rogaland. Som fylkespolitikar for Venstre ser eg kor utruleg viktig eit godt båttilbod er for fylket vårt, så igjen: takk Iselin.

Rogaland er heilt avhengig av gode forbindelsar med hurtigbåt for at ein skal kunne bu og arbeida i heile fylket.

Les også

  1. Hurtigbåtene: Ingen kutt før 2023

  2. Redd fylket tar pengar frå hurtigbåtane

  3. Nå skal hurtigbåtenes skjebne avgjøres

Publisert:
  1. Debatt
  2. Iselin Nybø

Mest lest akkurat nå

  1. Aftenbladets web-kamera viser en person som går vekk etter at bobil havnet i sjøen ved Tunge­nes fyr

  2. Eldre mann i Sola funnet i god behold

  3. Fem nye smittede i Hå, alle knyttet til Beverly

  4. Stavanger-firma kan ha løsningen på problemet med gummi­granulat

  5. Trosset pensjonist­til­værelsen for å vaksi­nere: – De er helter

  6. Halvparten av lærer­studentene ved UiS strøk på eksamen: – Vi har klaget på under­visningen gjennom hele skole­året