Coop – er me grådige?

DEBATT: Jan S. Knutsen hadde 25. mars eit inserat i Aftenbladet der han blant anna klaga over «grådigheten» i Coop. Her må me vera varsame så me ikkje kastar ut barnet med vaskevatnet.

Debattinnlegg

  • Birger Lindanger
    Stavanger
Publisert: Publisert:

Coop Økonom, Coop Sørvest, Coop Madla og Coop Klepp er alle sjølvstendige og demokratisk styrte samvirkelag med organ valde av medlemmene sjølve!

La ikkje eit par uheldige døme på Austlandet og i Trøndelag øydeleggja for eit kjempeflott konsept. Coop Økonom er vår eigen butikk me som medlemmer styrer sjølv.

Som medlemmer kan me velja kven som skal representera oss i representantskap og styre, eller me kan sjølv stilla som kandidatar! Namn og bilete av kandidatane finn me i den lokale Coop Økonom-butikken, så kan me sjølv velja kven som skal styra verksemda vår.

I motsetnad til dei private kjedene er det ikkje eigarar i Trondheim eller Oslo som stikk av med overskotet, i Coop Økonom – med butikkar i det meste av Rogaland – går overskotet anten tilbake til oss sjølve som medlemmer, til lågare pris, til betre service og butikkar eller til lokale, samfunnsgagnlege tiltak!

Les også

  1. – Grådighetskultur i Coop

Publisert:
  1. Debatt

Mest lest akkurat nå

  1. Redningsaksjon på Kjerag lørdag kveld

  2. Mange så mulig meteor i natt

  3. Camilla Herrems verste opplevelse: – Jeg følte meg som en sviker

  4. OL-STUDIO: Her jubler stjernen for gull. Like etter innser hun tabben

  5. Gråtkvalt Tufte etter OL-skuffelse: – Mitt ansvar

  6. Båt med tre personer veltet i Kristiansand