KrF trengst på tinget

Valdagen nærmar seg, og det er tid til å gje vår stemme! Tid for å påverke. Tid for å løfte fram kva for verdiar som skal prege landet vårt framover. Det er eit verdival.

«Bruk stemma, stem med hjartet, og stem slik at me får ha KrF på tinget», skriv innsendarane.

Debattinnlegg

  • Debatt
Publisert: Publisert:
  • Innlegget er skrevet av: Sissel Marie Bjerga, Håvard Østhus, Unni Vignes og Hadle Bjuland, Rogaland KrF

For det står nokre kjerneverdiar på spel som får konsekvensar for oss – kvar enkelt. Verdiar som rører sterkt ved oss.

Så ser vi at KrF er både over og under sperregrensa på 4 prosent i ulike målingar i august. Det vil merkast om KrF sin plass på Stortinget står tom. Kven vil løfta stemma like sterkt som KrF for trusfridom, valfridom, menneskeverdet, for eit aldersvenleg samfunn, for den frivillige innsatsen sine kår, for barnet i mors mage – ja, kven løftar desse sakene på tinget om ikkje KrF er der etter valet?

For oss er det eit verdival.

Valfridom for familien

For kven skal snakka om valfridom for familien; kontantstøtta der mor eller far kan velja å bruke litt lengre tid heime om dei ønskjer det. Kven skal arbeide for at større valfridom for familien når det gjeld å ta ut foreldrepermisjon – kven veit dette betre enn mor og far sjølv? Slik lovverket er no, rammer tredelinga av foreldrepermisjon for eksempel der mor eller far er sjølvstendig næringsdrivande og ikkje har «råd» til å ta ut permisjonen.

Og kven skal halda fram at alle foreldre har rett til å bestemma kva undervisning deira born skal få, i tråd med FNs menneskerettar artikkel 26.3? KrF ønskjer ein sterk og god offentleg skule, men og at friskular skal ha livsrett og gode kår. Det er å hegna om foreldreretten.

Og kven har tydelegare stemme blant stortingspartia når det kjem til menneskeverdet, livsvern for barnet i mors mage, for å gi råd og rettleiing når tøffe val kjem, enn KrF?

Og når ulike politikarar i Klepp kommune ropte ut i media at kristne bedehus og ungdomslagsmiljø radikaliserte ungdommane våre, kven skal då arbeide for trusfridom og gode kår for den frivillige innsatsen, om ikkje KrF er på tinget?

Dei fattigaste i verda

Og kven vil løfta blikket vårt utover og peika på at me ikkje kan vera oss sjølve nok, det er land og folk som treng både bistand, utvikling og at nokon talar deira stemme både her og internasjonalt. Dei fattigaste i verda treng at nokon løftar stemma om internasjonal rettferd, at nokon bidreg med midlar, vaksinar, som rettar søkjelyset på jenters rettar og moderne slaveri.

Det er mykje som er viktig i politikk; samferdsel, økonomi, skattar og avgifter, helse og mykje meir. Men for oss er det eit verdival. Vil desse verdiane koma på dagsorden dei neste åra om ikkje KrF er der?

Bruk stemma, stem med hjartet, og stem slik at me får ha KrF på tinget, i eller utanfor regjering.

Publisert:

Valg 2021 - diverse

  1. Hvem er fri i sine truser?

  2. – Mer skatter og avgifter med Solberg-regjeringen

  3. – Vil vi ha Forskjells-Norge?

  4. – Feil om unges representasjon og stemmegivning

  5. – Ønsker du endring, må du stemme på noe nytt

  6. – Satser på å utvikle gode lokalsamfunn over hele landet

  1. Valg 2021 - diverse
  2. Debatt
  3. Stortingsvalget 2021
  4. Foreldrepermisjon