Sjømat er ein del av løysinga

DEBATT: Landet vårt må gjennom store omstillingar i åra som kjem. Stadig fleire ser mot havet – der potensialet til meir verdiskaping og til matproduksjon er stort. Men da må det til eit blått taktskifte.

Publisert: Publisert:

«Det vi i næringa jobbar for no, er at vi om 20 eller 30 år kan sjå tilbake på dei vala vi tok i 2018, og med rak rygg kan seie at dei vala vi tok var det rette å gjere», skriver Inger-Marie Sperre. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Inger-Marie Sperre
    Styreleiar i Sjømat Norge
iconDenne artikkelen er over to år gammel

Sjømat er i dag ei av våre største eksportnæringar. Vasskraft, olje og fisk har i løpet av få generasjonar løfta landet inn i ei moderne tid. Norge er i dag verdas beste land å bu i, med romslege velferdsordningar, eit trygt arbeidsliv og eit helse- og omsorgssystem som ein knapt finn andre stader.

Perspektivmeldinga frå regjeringa i 2017 slår fast at vi på sikt treng ny verdiskaping i stor skala for å kunne behalde den levestandarden vi har. Det handlar om over 300.000 nye arbeidsplassar. Fleire må i arbeid og vi må skape meir.

Sjømatnæringa som løysning

I dette perspektivet blir det stilt store forventningar til dei berekraftige matproduserande næringane. Sjømat er etter mi meining den næringa som har størst potensial, og er i posisjon til å trygge velferdsstaten i framtida. Fiskeri og havbruk har tradisjonelt vore ei rein primærnæring, er i ferd med å endre seg til ein høgteknologisk merkevareindustri.

Men klarer vi å skape verdiar som er store nok til å fylle gapet når oljeaktiviteten trappas ned? Klarer vi å skape tusenvis av nye arbeidsplassar basert på dei marine ressursane?

Vi har samla oss om ein visjon som seier at den norske sjømatnæringa skal stå for verdas mest miljøvennlege produksjon av sunn mat.

Det er eit stort ansvar som er lagt på oss som driv fiskeindustri og havbruk, på fiskaren og på leverandørbedriftene. Kva kan vi no gjere for å utvikle ei berekraftig og framtidsretta næring bygd på fornybare ressursar?

Sjømat 2030

Desse spørsmåla har Sjømat Norge jobba med i visjonsdokumentet vårt: «Sjømat 2030». Vi i næringa har involvert oss i arbeidet med å definere korleis næringa bør sjå ut i framtida – og korleis næringa skal regulerast for å møte krava som kjem. Utgangspunktet for arbeidet vårt var å finne ut korleis våre ambisjonar passar med FNs 17 bærekraftmål. Vi fann ut at fiskeri og havbruksnæringa vil støtte opp heile åtte av desse måla.

Vi har samla oss om ein visjon som seier at den norske sjømatnæringa skal stå for verdas mest miljøvennlege produksjon av sunn mat. Vi skal levere sjømat, kompetanse og teknologi i verdsklasse. Berekraftig produksjon og innovasjon i denne næringa skal stå for Norges viktigaste bidrag til å nå FNs berekraftsmål!

Visjonsdokumentet stakar ut den kursen som vi meiner er rett. Det er å finne nye og kortreiste råvarer til fiskefôr. Det å finne meir klimavennlege transportløysingar. Det er å sørgje for at meir av torsken blir tilverka her heime, og det å ta alt råstoff på land. Og det er å sørgje for at alle i verdikjeda har gode arbeidsforhold for sine tilsette.

Det vi i næringa jobbar for no, er at vi om 20 eller 30 år kan sjå tilbake på dei vala vi tok i 2018, og med rak rygg kan seie at dei vala vi tok var det rette å gjere. Det var rett for oss, for alle som jobbar saman med oss, for lokalsamfunna, for landet og for miljøet. Og det la grunnlaget for ei berekraftig og framtidsretta næring bygd på fornybare ressursar.

Forpliktar oss

Dette landet har gitt oss heilt fantastiske og unike fortrinn frå naturen si side. Rike fiskeressursar, ei kystlinje som er som skapt for å drive akvakultur. Vi har bygd sterke fagmiljø, næringsklyngjer og eit samfunn som er godt regulert og basert på at vi skal finne dei beste løysingane med den beste kunnskapen vi har.

Vi i næringa har kvardagen vår i balansepunktet mellom berekraftig verdiskaping – og berekraftig forvaltning av naturressursane. Det er i det balansepunktet vi skal gjere det som er rett – det vi kan stå for – no og for framtida. Vi veit at det å ta vare på dei verdiane vi har i naturen generelt og havet spesielt, blir viktigare og viktigare. Det forpliktar oss, og vi er vårt ansvar bevisst.

Publisert:

Les også

  1. Fiskeslam fra oppdrettsanlegg blir til gjødsel

  2. Tror fisk og havbruk er viktigere enn oljå om 30 år

  3. Universitet utan ein tråd

  4. Lakseforskning på Ims i Sandnes bidrar til å redde villaksen

  5. Solfrid Lerbrekk og Hallgeir Langeland, SV: «Nå treng me politikarar som er heilt tydelege på at nå skal laksen i fjøs»

  6. Hans Inge Algrøy, Norsk Sjømat: «God miljøtilstand ved oppdrettsanlegga, Solfrid Lebrekk og Hallgeir Langeland tar feil»

  7. Trine Danielsen, Høyre og Blueplanet: «Å flytte all lakseproduksjon på land er en dårlig idé»

  8. Hallgeir Langeland (SV): Lukka anlegg og sitatjuks frå Høgre

  9. Tore Thorsen: «Ingen kritikk av oppdrettsnæringa, takk!»

  10. Naturvernforbundet: «Vanvittige påstander og usannheter fra Blueplanet»

  11. Jeanette Jacobsen: «Tendensiøst med usannheter og unnlatelser fra oppdrettsnæringen»

Mest lest akkurat nå

  1. Ambulanse påkjørt bakfra

  2. – Det vi ser i Norge og landene rundt oss, er en vekker for oss alle

  3. Og nei, vindkraft er ikke den «desidert største nedbyggingen av norsk natur». Det er hyttebyene våre

  4. Saudabu blir ny toppsjef i Equinor: - Det blir bra med en ingeniør

  5. Tre styrepils i 60 knop

  6. En oase av de sjeldne. Hageentusiaster valfarter til Tor Gundersens hage.

  1. Debatt
  2. Næringspolitikk
  3. Oljeproduksjon
  4. Arbeidsliv
  5. Innovasjon