Hareide står att som ein vinnar

Knut Arild Hareide du tapte, men står att som ein vinnar.

Publisert: Publisert:

«Hareide har stått for den viktigaste ryddinga i KrFs politiske ståstad i høve til regjeringssamarbeid, tydeliggjering for veljarane på lang, lang tid», skriv Vibeke Løland. Foto: NTB Scanpix

Debattinnlegg

  • Vibeke Løland
    Stavanger
iconDenne artikkelen er over ett år gammel

Eg har aldri stemt på KrF,og hadde tidlegare ikkje nemneverdig sansen for Hareide heller. Men ettersom norsk politikk handlar om samarbeid mellom ulike norske parti, så har eg med stor interesse fylgt med på KrF, ikkje minst denne siste prosessen i partiet. Skal KrF søkja regjeringsmakt med den blå-blå regjeringa eller skal dei søkja det med Ap og Sp, gå mot sentrum i norsk politikk.

Trist dag

Fredag var ein svært trist dag i for Hareide og alle dei i partiet som ynskja å ta klar avstand frå Frp, ei blå-blå regjering. Men sjølvsagt mest trist for Hareide som ofra seg sjølv for sitt og partiets verdival, partiets framtid. Han kjem til å gå av som leiar i partiet etter han tapte denne saka. Men alle veit at han ynskja å vera leiar i partiet vidare, men utfallet av denne saka gjorde jo sjølvsagt det umogeleg.

I avstemminga – 98 stemte blått, 90 stemte rødt. Om Rogaland i forkant av utsendingar til landsmøtet hadde valt representativt, som alle dei andre, kunne det stått heilt likt.

Les også

KrF har tapt mange slag. Kan de overleve dette?

Les også

KrF reddet Solbergs regjering

Unntaket er Rogaland

«Det har vore ei vitamininnsprøyting for demokratiet,» sa Knut Arild Hareide då han hadde tapt. Solveig G. Sandelson, debattredaktør i Aftenbladet, skriv så presist og godt: «Det er sant at nesten heile KrF har gitt oss ei oppvisning i opent demokrati. Med unntak for Rogaland, der ein let fleirtalsmakta rå. Det blir også skrive inn i denne politiske historia, og det er ikkje eit vakkert kapittel.»

I eit anna fylke kor representanten som ville gå for rødt måtte melda fråfall, kom vararepresentanten inn og stemte for blått, noko som fekk fatalt utslag for Hareide og leiren hans.

Uansett – ser ein på avstemminga på landsmøtet – resultatet tilseier at partiet er ganske nær delt i to på synet i denne viktige saka. Eit splitta parti så det held.

Modig

For meg er det Hareide har gjort eit politisk kunststykke! Hareide har stått for den viktigaste ryddinga i KrFs politiske ståstad i høve til regjeringssamarbeid, tydeliggjering for veljarane på lang, lang tid. Modigare politikar enn han skal ein leita lenge etter! Og han ofra seg sjølv for noko større, for ei viktig overordna sak, eg får gode bibelske assosiasjonar til ein annan som gjorde det same.

Gamalt grums frå bibelbeltet har vunne i denne saka – dei vil regjera med Frp, med sin for meg avskyelege politikk. Så veit me det. Hareide og andre KrF-erar med hovud og hjarta på rette staden, tapte i dag denne saka. Men eigentleg er dei vinnarar – halve medlemsmassen må bare melda seg ut av KrF, finna seg eit nytt politisk parti som har verdiar, politikk som ligg nærmare dei sjølv enn dei sterke blåe kreftene i KrF. Det burde faktisk ikkje vera vanskelig.

Havnar under sperregrensa

KrF har jo i årevis vore eit lite parti, mest vakande på sperregrensa.
Og framsynte, eg vil sei klarsynte Hareide – ja han representerte framtida, nye og fleire, ikkje minst yngre veljarar for KrF. Det løpet er kjørt nå. Med dette vegvalet, KrF kjem til å havna under sperregrensa for alltid. Hasta la vista KrF.

Og med eit blå-blått KrF – då seier eg heilt supert. Kjem ikkje til å sakna dokke. Hareide og meiningsfellar – velkommen til politisk arbeid i andre parti. Det er fleire dyktige politikarar her i landet i alle parti. Politikarar eg respekterar. Men eg har ei topp ti liste over politikarar som skil seg heilt ut gjennom tidene , som eg har ekstremt stor respekt for – dei er det som eg vil kalla heil ved.

Publisert:

Les også

  1. KrFs veivalg gjør at én million nordmenn neppe får økt pensjon

  2. KrF må inn i Solberg-regjeringen

  3. Knuser KrFs håp om endringer i abortloven

  4. Rogaland KrF: 135 har meldt seg inn – 16 har meldt seg ut

Mest lest akkurat nå

  1. Over 900 smittetilfeller i Rogaland

  2. Da Charlotte Selstø fikk korona var det særlig to symptomer som dominerte

  3. Jobbet uten sikring i høyden. Fikk 117.000 kroner i «straks-bot»

  4. Se Pøbel sitt penis-stunt i Stavanger

  5. Elev på Stavanger-skole smittet med korona - hele trinnet i karantene

  6. Skremmende, annerledes halloween-feiring

  1. Debatt
  2. Solveig G. Sandelson
  3. Solberg-regjeringen
  4. Stortingsvalg
  5. Knut Arild Hareide