• – Kor mange av dei som avgjorde ferjesaka, har besøkt og snakka med folk på desse plassane? Har t.d. fylkesrådmann Trond Nerdal, samferdselssjef Gottfried Heinzerling eller leiar i samferdselsutvalet besøkt Foldøy, Hebnes og Nedstrand – sett utfordringane for næring og fritid, eller engasjementet rundt Himakånå og turistsatsinga, spør Bjørg Rørtveit. Pål Christensen

Eit hjartesukk om ansvar og tillit i ferjesaka

DEBATT: 13. juni gjorde Fylkestinget vedtak om å rasere ferjetilbodet i nordre del av Ryfylke. Det skjedde utan gode grunnar eller vektige argument, og rokka ved eit reisemønster og kommunikasjonsvegar som har eksistert så lenge det har vore rutebåtar i Ryfylkebassenget.