Eit hjartesukk om ansvar og tillit i ferjesaka

DEBATT: 13. juni gjorde Fylkestinget vedtak om å rasere ferjetilbodet i nordre del av Ryfylke. Det skjedde utan gode grunnar eller vektige argument, og rokka ved eit reisemønster og kommunikasjonsvegar som har eksistert så lenge det har vore rutebåtar i Ryfylkebassenget.

Publisert: Publisert:

– Kor mange av dei som avgjorde ferjesaka, har besøkt og snakka med folk på desse plassane? Har t.d. fylkesrådmann Trond Nerdal, samferdselssjef Gottfried Heinzerling eller leiar i samferdselsutvalet besøkt Foldøy, Hebnes og Nedstrand – sett utfordringane for næring og fritid, eller engasjementet rundt Himakånå og turistsatsinga, spør Bjørg Rørtveit. Foto: Pål Christensen

Debattinnlegg

Bjørg Rørtveit
Nedstrand

Visst er det viktig at øyane i Finnøy får eit betre tilbod – men må det bety eit dårlegare for andre?

«Nå veit me nok til å ta ei avgjerd», vart det sagt frå talarstolen. Eg påstår det motsette. For oss som bur ved fjorden her nord verkar vedtaket både ulogisk og uklokt, med manglande kunnskap om geografi, lokale forhold og turismesatsing i eit unikt landskap. Men mest vitnar det om manglande vilje til å lytte.

2000 underskrifter

For dei siste åra har det vore eit sjeldan stort engasjement rundt det å bevare ferjesambandet Nedstrand- Foldøy-Hebnes-Jelsa. 2000 underskrifter. 2000 følgjarar på ferja si Facebook-side. (Har de politikarar studert meiningar og bilete der?) Utallige brev, avisinnlegg og debattar. Møte i lokalsamfunna. Stor frivillig innsats. Lokale politikar har jobba for saka i alle kanalar. Dialogmøte med fylkeskommunen. Høyringsuttalelsar. Artiklar og intervju i aviser, radio og tv. Gode og konstruktive forslag til korleis sambandet kan driftast, faktisk meir økonomisk enn nå. Når engasjementet er så stort, og likevel ikkje når fram, fungerer då demokratiet?

Les også

Kampen om Ryfylke-ferjene

Les også

Kampen om ferjene i Ryfylke

Kvifor?

Når politikarar og samferdselssjef i staden vel å lytte til eit konsulentselskap frå Nord-Noreg sine råd, framfor til dei som kjenner det dagleg behovet og geografien? Når argumentet Sandsfjord bru konsekvent blir bruk i sakspapira, lenge etter at det har vore presisert at den ikkje er relevant i denne samanhengen. Likevel blir det ikkje stroke! Kvifor? Det blir som å legge ned Tauferja og be folk køyre via Forsand.

I staden for å heie på det lokale engasjement som er så viktig, ja ein bærebjelke i samfunnet, køyrer ein heller over det.

Berre Svanhild Løge Skålheim frå Suldal viste kunnskap og innsikt om avstandar og geografi frå talarstolen i fylkestinget. Førstehandskjenskap som burde vore lytta til. Etter to høyringsrundar vart ingen av høyringsinnspela tatt på alvor i saksframlegget. Er det vits i å ha høyringar ingen får vite om?

Lytte til dei råka partane

Eg undrar: Kor mange av dei som avgjorde denne saka, har besøkt og snakka med folk på desse plassane? Har t.d. fylkesrådmann Trond Nerdal, samferdselssjef Gottfried Heinzerling eller leiar i samferdselsutvalet besøkt Foldøy, Hebnes og Nedstrand – sett utfordringane for næring og fritid, eller engasjementet rundt Himakånå og turistsatsinga? Høyrt dei tyske turistane sitt «Wunderschön!» når ferja tar dei med mellom fjord og fjell, og snap-ane går verda rundt? Er det ikkje eit ansvar ein har i forvaltning og politikk, å setje seg grundig inn i sakene og lytte til dei råka partane?

Vårt inntrykk er at politikarar og administrasjonen tvert imot har distansert seg.

I ti år har Finnøy vore landfast. Likevel har det berre blitt marginalt færre båtanløp til Judaberg. «Øyer som er avhengig av ferjen prioriteres høyere enn vegfaste punkter», heiter det i vedtaket. Dette gir lita meining sidan øyar jo treng å bli knytt til eit vegfast punkt, og gjerne fleire. Det seier seg også sjølv at dersom det å bruke vegen mangedoblar reisetida, så er ferje eit betre alternativ, sjølv for «vegfaste punkt». Dette finst det utallige eksempel på i heile landet. God kommunikasjon = sjø og land saman.

Vedtaket seier at innspel frå brukarane skal lyttast til når nye ruter nå skal leggast. Om lyttinga skal vere på det nivået det har vore til nå, er eg skeptisk til resultatet. Min tillit er iallefall på nullpunktet – og det er trist at dei politiske prosessane skal vere slik at ein kjenner på at det ikkje nyttar å engasjere seg. (Eg trur engasjementet til og med vart kalla «støy» frå talarstolen).

Dårlig prosess

I staden for å heie på det lokale engasjement som er så viktig, ja ein bærebjelke i samfunnet, køyrer ein heller over det. Dette har vore ein lang og svært dårlig prosess, der mange burde tenke godt gjennom om dei har tatt ansvaret sitt på alvor.

Med dette vedtaket har den djupe fjorden blitt endå djupare. Var det nødvendig?

Les også

Vi vil beholde ferja vår – limet i Ryfylke!

Les også

Behald ferjesambandet Judaberg-Nedstrand-Jelsa

Les også

Øyfast-tilhengerne øyner håp

Les også

Redd Finnøy lir same skjebnen som Tau-sambandet

Les også

Rogaland KrF vil ha ferjefritt Stavanger

Les også

Vil la Finnfast-bommen stå for å hjelpe Øyfast

Publisert: