Skriv nynorsk med utgangspunkt i talemålet

DEBATT: I Aftenbladet 16. oktober har Helge Kyvik eit innlegg om kor vanskeleg sidemålet/nynorsk er for elevar og lærarar.

Publisert: Publisert:

«Det viktigaste er å la elevane få bruka talemålet sitt som utgangspunkt i skriftleg framstilling. Den formelle opplæringa i nynorsk kan dei ta etter kvart», skriv Sigmund Sunnanå. Illustrasjonsbilde/Scanpix

Debattinnlegg

Sigmund Sunnanå
Stavanger
Les også

Helge Kyvik: På tide å rydde opp, la sidemål bli valfritt

I Stavanger og i Rogaland elles snakkar dei fleste eit dialektprega nynorsk. Dette gjeld både i privat og i offentleg samanheng. Mitt råd til elevar som skal til med nynorsk i skulen, er at dei bør skriva som dei snakkar. Det viktigaste er at dei får fram det dei vil formidla i ei munnleg og engasjert form. Ortografi og grammatikk kan dei læra etter kvart.

Læraren må vera raus

Like eins bør lærarane oppmuntra elevane til å skriva nynorsk med utgangspunkt i talemålet deira. Dei bør vera rause, og ikkje pirkete når det gjeld ortografi og grammatikk. Det viktigaste er å la elevane få bruka talemålet sitt som utgangspunkt i skriftleg framstilling. Den formelle opplæringa i nynorsk kan dei ta etter kvart, og leggja stor vekt på tilpassa opplæring og ulike krav til elevane sine prestasjonar. Elevane bør få mest positive tilbakemeldingar på det dei skriv. Negativ kritikk og raude strekar drep skrivegleda.

Undervisa med respekt

I innlegget har Kyvik eit eksempel på korleis ein lærar startar undervisninga i organisk kjemi. Eg trur at heldigvis har norske lærarar ein høgare yrkesetisk standard enn i dette eksemplet. Det er sjølvsagt at lærarar skal undervisa med same respekt og formidlingsglede i faget nynorsk som i alle andre fag.

Kyvik har rett i at språket er eit instrument for tanken. Mi oppfordring til elevar og lærarar er at dei brukar talemålet som utgangspunkt for skriftleg formidling på ein positiv og engasjerande måte både i nynorsk og i andre fag i skulen.

Les også

Helge Kyvik: På tide å rydde opp, la sidemål bli valfritt

Les også

Fikk ikke nynorskbøker til skolestart

Les også

Skolane må ta ansvar for nynorske læremiddel

Publisert: